Førstegongsveljaren:
Jonas (19) føler ikkje at valet har stor påverknad på livet hans – endå
Jonas Gjersøe Waldenstrøm fekk god hjelp av valomaten då han skulle finne eit parti å røyste på i årets stortingsval.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen.
– Eg var litt fram og tilbake. Det var nokre parti eg var mest einig med i enkelte saker, men så var eg einig med andre parti i andre saker.
Det fortel Jonas Gjersøe Waldenstrøm (19) frå Halden. Han har røysterett for første gong i årets stortingsval.
– Eg har ikkje tenkt så mykje over det å ha røysterett. Eg reknar det som ei plikt å stemme, men eg føler ikkje at utfallet av valet får så stor påverknad på livet mitt. Eg bur framleis heime, og betalar ikkje mat eller straumrekninga sjølv, seier han.
Jonas Gjersøe Waldenstrøm
Alder: 19
Frå: Halden
Jobb: Lærling på andre året i boring og fjellsprenging
Hobby: Lite tid til hobby ved sida av jobben.
Sosiale medium: Snapchat, Facebook, Tiktok og Instagram.
Kort tid etter at vallokala opna til førehandsrøysting, stilte Waldenstrøm opp på det lokale senteret for å få det overstått.
– Kva tenkte du då du stod i stemmelokalet?
– At her var det mange parti.
Oppteken av utbygging
Ei av sakene Waldenstrøm har vore mest oppteken av i årets val, er utbygging. Han er lærling i boring og fjellsprenging, og er avhengig av aktivitet i bransjen.
– I min bransje har vi ingen fast arbeidsstad. Vi reiser rundt til der jobben er. Då er det viktig for meg å støtte eit parti som vil bygge ut i framtida. Viss det blir færre veg- og tunnellprosjekt, vert det mindre jobb for meg, seier han.
Han nemner også miljøet som ei viktig sak, og viser til at verksemda han jobbar i har to elektriske maskiner.
– Når ein skal inn i tunnellar og tronge bygg med dårleg luft, er det fint å sleppe diesel-utslepp for å unngå helseskader. Samstundes synest eg ikkje miljøkrava skal ta heilt overhand. Vi er i ei tidleg startfase med elektriske maskiner innan bygg og anlegg. Mykje fungerer bra, men vi har framleis ein lang veg å gå. Til dømes er det vanskeleg å ha tilgang på straum når ein jobbar langt uti skogen, seier han.
I tillegg er han oppteken av skule, barnehage og psykisk helse.
– Eg synest det er viktig at alle skal ha gode moglegheiter til å få den utdanninga dei vil ha, seier han.
Valomat tok valet
Waldenstrøm fortel at han hadde ei viss forståing for kva dei ulike partia stod for, og høgre–venstre-aksen. Han les ikkje mykje om politikk i media, men har fått noko politisk innhald opp i sosiale medium. Det har hovudsakleg vore frå politikarar og partia sjølve.
– Eg har fått mykje opp på Tiktok. Eg plar høyre på kva dei seier. Det er litt interessant. Men det er ikkje alltid så opplysande. Ofte snakkar dei ikkje om politiske saker, men har anna innhald om partiet, seier han.
– Synest du politikarane og partia er flinke til å rette seg mot førstegongsveljarar?
– Eg kan ikkje seie at eg har merka meg det. Det eg har sett i sosiale medium har ikkje gjort meg oppslukt eller påverka meg så veldig, seier han.
For Waldenstrøm vart det avgjerande å bruke ein valomat for å rydde opp i det politiske landskapet. Det partiet han fekk opp som nummer éin i valomaten, var det han gjekk for.
– Eg fekk stadfesta det eg hadde trudd, seier han.
Valet fall på eit parti på borgarleg side.
Politisk lunsj
Det er ikkje mykje snakk om politikk blant venene til Waldenstrøm. Med mykje jobb vert det lite tid til å vere sosial, og då går praten som regel om andre ting når dei treffest. Det same gjeld i heimen, seier han.
– Men på jobb er det mykje politikkprat. Då plar eg mest å sitte og høyre på. Dei andre kan mykje meir enn eg kan. Og det eg kan, kan jo dei óg. Eg føler ikkje at eg har så mykje å bidra med endå. Men dette er jo mitt første val. Eg vil nok få meir kunnskap med åra, seier han.
Han synest ikkje meiningane til kollegaene hans påverkar han i stor grad.
– Eg har mine meiningar uansett. Eg føler på kva eg synest er riktig. Det er det som påverkar valet mitt mest, seier han.
20 gutar – mykje tull
Waldenstrøm synest ikkje skulen har førebudd han i stor grad på å røyste. Dei har ikkje hatt debatt på skulen medan han har gått der. Dei har hatt skuleval, men han opplevde ikkje at det vart teke særleg seriøst av elevane.
– Vi var 20 gutar i klassen. Då vart det mykje tull, seier han.
Meir interesse med tida
Waldenstrøm trur hans generasjon har eit anna perspektiv på politikken enn foreldra eller besteforeldra sin generasjon.
– Vi står heilt ved byrjinga av arbeidslivet. Dei eldre er nok meir opptekne av kva som skjer etter arbeidslivet, seier han.
Han gjentek at han ikkje trur han blir påverka av valresultatet i stor grad, men spår at han kjem til å bli meir dregen inn i politikken i framtidige val.
– Med tida, når eg etter kvart byrjar å betale for ting sjølv, med eige hus, lån, skatt og mat, når eg kjem meir inn i det vaksne livet, då får vi sjå, seier han.