Val i India: Hindunasjonalisme og identitetspolitikk

Fredag startar valet i verdas mest folkerike land. Kva politiske saker er viktige for indarar?

Åshild Slåen
Publisert

19. april skal India, med sine over 1,4 milliardar innbyggjarar, byrje å velje representantar til nasjonalforsamlinga si.

Når over 960 millionar menneske skal røyste, tek det tid, og valet føregår heilt fram til 1. juni.

Så korleis ser det ut når verdas største demokrati har val?

Lange køar i milliarddemokrati

– Det var ikkje så mange i vallokalet førre gongen eg røysta, men eg har sett kjempelange køar tidlegare, når eg har vore med foreldra mine.

Det seier Aditya Garg (24) via videosamtale med Framtida.no. Han røysta før fyrste gong i 2019, i heimdistriktet Punjab i India. No studerer han i Italia for å bli dataingeniør, og han håper å bli ferdig med innleveringane sine tidleg nok til å kome heim til India for å delta i valet.

– Kan du ikkje stemme på ambassaden i Italia?

– Nei, for vi stemmer på maskiner som av sikkerheitsgrunnar ikkje skal ut av landet, eller bli kopla på utanlandske nettverk.

Papirsetlar er uaktuelt når nesten éin milliard stemmer skal teljast opp.

Eit parlamentarisk system

Så korleis fungerer val i India?

Aditya Garg (24) er andregongsveljar i India. | Foto: Privat

India har eit parlament som er delt i to kammer: Lok Sabha og Rajya Sabha.

Lok Sabha er underhuset, eller folkehuset, og skal representere folket. Alle deira 543 representantar blir røysta over i årets val.

Rajya Sabha er overhuset, og representerer dei forskjellige delstatane i India. Dei har totalt 245 representantar, der tolv er valde av presidenten, og 233 blir valde av folket. Av dei 233, blir 65 røysta over i år.

Det eller dei partia som klarer å få fleirtal i underhuset, er dei som vel regjering, inkludert statsminister. India har også ein president, som blir valt av nasjonalforsamlinga, men det er statsministeren som har den største politiske makta.

Bharatiya Janata Party, eller Indias Folkeparti, har hatt reint fleirtal i parlamentet sidan 2014, med Narendra Modi som statsminister i spissen. Dei er eit hindunasjonalistisk parti på høgresida i indisk politikk.

Viktige politiske saker

– India har hatt god økonomisk vekst dei siste åra, rundt seks til sju prosent kvart år, noko regjeringspartiet køyrer veldig på.

Det seier Arild Engelsen Ruud frå Universitetet i Oslo. Han er professor i Sør-Asia-studium, og forklarer at dei to store politiske sakene i India dette valet er økonomi og identitetspolitikk.

India er eit land med både ekstrem fattigdom og ekstrem rikdom. I 2024 har dei 200 dollarmilliardærar, som er ein betydeleg vekst frå dei 169 i 2023.

Ein av desse familiane var nyleg i media for eit storslått bryllaup der dei blant anna skal ha betalt Rihanna 6 millionar dollar for å opptre.

– Opposisjonen seier at den økonomiske veksten ikkje kjem vanlege folk til gode. Spesielt unge personar med utdanning mellom 18 og 30 år slit med å få seg jobb, seier Ruud.

Det merkar dataingeniørstudent Aditya Garg, som meiner dei fleste jamaldrande indiske venane hans er meir politisk engasjerte enn dei han har møtt i Europa.

– Det trur eg delvis kjem av at høgare utdanning og jobbmarknaden er utruleg avhengig av den politiske leiinga. Mange jobbar er i statleg sektor, så kva jobb vi får kjem veldig an på kva dei bestemmer seg for å satse på.

Det hinduistiske prosjektet

Når det kjem til identitetspolitikk, meiner Ruud at regjeringspartiet har hatt suksess med den hindunasjonalistiske agendaen sin.

– India er i utgangspunktet delt i veldig mange grupper, både kastar og stammer, men no oppfattar stadig fleire seg sjølv som hinduar. Og det er veldig bra – for regjeringa, seier han.

Fleire prosjekt har styrkt den felles hinduistiske identiteten og nasjonalistisk tankegang. Det er alt frå å vurdere å byte namn på landet frå India til Bharat, til bygginga av tempelet Ram Mandir, der det fram til 1992 stod ein moské som vart riven av ein hinduistisk folkemasse. I 2019 innførte regjeringa også ei lov som gjer det mogleg å få indisk statsborgarskap dersom du flyktar frå nabolanda, med mindre du er muslim.

Mykje av dette har brei støtte blant dei som identifiserer seg som hinduar.

– Då er dei lettare å mobilisere, og andre ting som økonomi blir mindre viktig. Dei som typisk er imot det er muslimar, som får ein god del problem med dette, men også folk som er kristne, sosialistar, ateistar, og andre som ikkje føler seg som hinduar. Dei fell utanfor.

Religion som identitetsmarkør

Å lausrive den religiøse identiteten sin frå kven ein røystar på er med andre ord vanskeleg.

– Eg veit jo at røysta mi tel og er viktig, samstundes så er det mange grupper der ein veit kva dei fleste vil stemme, fortel Garg.

– Som i regionen min, Punjab, der det er mange sikhar, vil dei gjerne stemme på sine kandidatar.

Garg er ikkje sjølv religiøs, men familien hans er hinduistisk.

– Og det påverkar sjølvsagt meg også.

Den populære Modi

Statsminister Narendra Modi er populær blant dei fleste indarar, og vil truleg få sin tredje periode i år.

– Eg synest han er ein god leiar og ein god talar, seier Garg.

Han meiner Modi appellerer til mange, spesielt arbeidarklassen.

– Han har ein veldig audmjuk bakgrunn, og det blir fortald at han måtte selje te på togperrongen då han vaks opp.

Og om han rekk heim til valet, er det truleg dit røysta hans går.

– Eg synest dei er dei beste blant alle alternativa akkurat no, seier Garg.

Vanskeleg å vere i opposisjon

Det er likevel ikkje heilt rett å seie at fleirtalet i India er tilhengjarar av partiet til Modi, forklarer professor Arild Engelsen Ruud.

– Modi er populær. Han har kanskje 75–80 prosent oppslutning, men partiet har kanskje 40 prosent. Det er ikkje sikkert at den lokale kandidaten for hindunasjonalistane er så populær, seier Ruud.

Narendra Modi har utgitt ei eiga bok med brev til seg sjølv, som er svært populær. | Foto: Åshild Slåen

Det er også blitt vanskelegare å vere opposisjonspolitikar. Ruud merkar seg at sjølve valet truleg vil bli gjennomført like ryddig som tidlegare år, men påpeiker at opposisjonspolitikarar dei siste åra har hatt ein tendens til å bli etterforska av politiet.

– Ofte er det straffbare ting å finne. Tyder det at dei er meir kriminelle enn medlemar av regjeringa? Nei, men dei blir aldri etterforska på same måte.

India si rolle framover

Men kvifor i all verda skal Noreg bry seg med kva som skjer i India i åra framover?

India er ein veksande økonomi, som har mange investeringsmoglegheiter, forklarer Ruud.

Landet er også med i fleire handelssamarbeid, er involvert i kontroll av piratar i Somalia, og har marineøvingar med både Japan og Australia. I mars i år inngjekk Noreg og dei andre EFTA-landa eit historisk handelssamarbeid med India.

– India har også eit samarbeid med Israel, som ein av få, og speler ei rolle mellom Israel og Midtausten. Dei seglar også opp som den store geopolitiske motvekta til Kina i Asia, sjølv om dei har ein mindre økonomi, seier Ruud.