Det store valåret 2024

Over 60 land har nasjonale val i år. Ikkje alle kan vente at dei blir frie og rettferdige.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er val i mange forskjellige typar land i år, både demokrati og diktatur.

Professor Carl Henrik Knutsen forskar på politiske krefter i demokrati og diktatur.

Det seier Carl Henrik Knutsen, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han forskar på politiske prosessar i både demokratiske og meir autoritære land. Året vi er inne i, blir eit spanande år for han å følgje med på.

2024 er nemleg året der nesten halvparten av verdas befolkning bur i eit land der dei har val.

Det inkluderer blant anna Indonesia, Russland, India, USA, og land i EU som skal velje representantar til Europaparlamentet. Det er historisk, og neste år kan det politiske landskapet sjå veldig annleis ut.

Sjå ei fullstendig oversikt over val i faktaboksen.

Knutsen trekker spesielt fram valet i USA og EU som viktige norsk samanheng, men påpeiker at fleire val vil ha innverknad på den norske tryggings- og utanrikspolitikken.

Nasjonale val som skjer i år

Dette er val av president, nasjonalforsamling, senat eller liknande:

Januar

7. januar: Bangladesh 

9. januar: Bhutan 

13. januar: Taiwan 

14. januar: Presidentvalet i Komorane

26. januar: Tuvalu

28. januar: Finland

Februar

Mali (Ubestemt)

4. februar: El Salvador

7. februar: Aserbajdsjan

8. februar: Pakistan

11. februar: Finland

14. februar: Indonesia

25. februar: Kambodsja, Belarus

Mars

1. mars: Iran

3. mars: El Salvador, Pakistan

10. mars: Portugal

17. mars: Maldivane, Russland

23. mars: Slovakia

April

April-Mai: India

6. april: Slovakia

10. april: Nord-Korea, Sør-Korea

17. april: Salomonøyane

Mai

Madagaskar (Ubestemt)

5. mai: Panama

8. mai: Nord-Makedonia

12. mai: Litauen

19. mai: Den dominikanske republikk

Juni

1. juni: Island

2. juni: Mexico

6.–9. juni: Europaparlamentet

9. juni: Belgia

22. juni: Mauritania

28. juni: Mongolia

Juli

15. juli: Rwanda

September

Kroatia (Ubestemt)

September-Oktober: Sri Lanka

Oktober

Tsjad

9. oktober: Mosambik

26. oktober: Georgia

27. oktober: Uruguay

November

Guinea Bissau (Ubestemt)

Namibia (Ubestemt)

Romania (Ubestemt)

5. november: USA

12. november: Palau

24. november: Somaliland

30. november: Mauritius

Desember:

Algerie (Ubestemt)

San Marino (Ubestemt)

7. desember: Ghana

15. desember: Senegal

Val utan fastsett dato:

Storbritannia (må ha val før slutten av januar 2025)

Ukraina (Kan bli utsett grunna krigen)

Botswana

Sør-Afrika

Sør-Sudan

Tunisia

Togo

Venezuela

Syria

Austerrike (haust)

Moldova (haust)

Jordan (Før november)

Kiribati (vår)

 

Antidemokratiske krefter i Indonesia

Av dei største landa med val i år, er Indonesia først ute, med over 200 millionar menneske som har stemmerett. Det er det største muslimske landet i verda, det fjerde mest folkerike landet, og blir rekna som det tredje største demokratiet, etter India og USA.

Det er også eit land som ikkje har vore eit demokrati særleg lenge. I år er det 20 år sidan dei valte sin første president i eit demokratisk val.

Den offisielle oppteljinga etter valet førre onsdag er ikkje klart, men førebels ser det ut som 72 år gamle Prabowo Subianto stikk av med ein klar siger, og blir president dei neste fem åra. Prabowo har særleg lukkast med kampanjar på sosiale medium, og har nådd ut til yngre generasjonar i Indonesia. Han har tidlegare vore forsvarsminister, men var også general i det indonesiske militæret på 90-talet. Sjølv seier han at han aldri har vore med på noko kritikkverdig, men skuldingar om at avdelinga hans var ansvarleg for blant anna drap, forsvunne studentaktivistar og tortur heng ved.

Knutsen påpeiker at i dei fleste demokrati som har gått i autoritær retning dei siste åra, så har den valde leiaren vore drivkrafta.

– Det er tydeleg i all forsking på demokratisk tilbakegang dei seinare åra, seier Knutsen.

India og nasjonalisme

På demokratiindeksen har Indonesia 6,7 av 10 moglege poeng. Lenger vest skårar det største demokratiet i verda, India, 7 på indeksen. I vår forsøker statsminister Narendra Modi å igjen danne fleirtalsregjering for ein tredje periode.

– India har glidd i ei meir autoritær retning under Modi, som har brukt veldig harde teknikkar, fortel professoren.

Modi har spelt på hinduistisk nasjonalisme, og introdusert statsborgarlover som diskriminerer muslimar. Samstundes er han veldig populær og alt tyder på at Modi får ein tredje periode som statsminister. Sjølv om India framleis er eit demokrati, peiker Knutsen på at demokratisk valte autoritære leiarar kan sørge for at framtidige val blir mindre frie og meir fordelaktige for den som allereie har makt.

Russisk diktatur

Val i autoritære regime byr sjeldan på særleg store overraskingar, men det er ofte spenning knytt til dei.

– Russland er eit klart diktatur, men det er veldig vanleg for slike land å oppleve turbulens i valår. Difor er det spennande å følgje med på kva som skjer både i forkant og etterkant av valet.

Landet scorar 2,3 på demokratiindeksen, og president Vladimir Putin nyttar seg av klassiske metodar for å sørgje for siger: Potensielle motkandidatar som journalisten Jekaterina Duntsova og krigsmotstandar Boris Nadezjdin er nekta frå å stille, og opposisjonsleiar Alexej Navalnyj skal no vere død etter å ha vore fengsla i ein straffekoloni sidan 2021.

Sjølv om ein kan vente seg eit føreseieleg russisk valresultat, seier Knutsen det er vanskeleg å vite kva som utløyser uro i folk.

– Vi blir like overraska kvar gong det oppstår eit opprør trigga av eit val, sjølv om det ofte er lett å seie kva som leia opp mot det i etterkant.

I Russland sitt tilfelle er spesielt krigen i Ukraina eit spenningsmoment, sjølv om Putin truleg vil få gode tal etter oppteljinga.

Det europeiske valet som Noreg ikkje deltek i

Frå 6. til 9. juni skal også EU ha val. Alle medlemslanda vel sine representantar til Europaparlamentet, som vedtek EU-lover. Ved førre val stemte berre 50 prosent av dei som kunne, og EU har til og med bede Taylor Swift om å oppfordre til å stemme når ho skal ha konsert i Paris i mai, sidan valdeltakinga blant unge er spesielt låg. Trass i den låge deltakinga, er valet viktig, og påverkar sentrale spørsmål som krig og økonomi i Europa.

– Europaparlamentet har vore ein av dei meir tannlause institusjonane i EU, men dei seinare åra har dei auka makta si, seier Knutsen.

Sjølv om Noreg ikkje er med i EU har det mykje å seie for oss kva lover som blir laga for handel, teknologi og innvandring, sidan vi er med i EØS og Schengen.

Trugselen Donald Trump

For Noreg sin tryggingspolitikk er det USA som stikk seg ut som det viktigaste valet i år. Tysdag 5. november er det val av representantar, senatorar og sjølvsagt, president. President Joe Biden vil truleg igjen måtte kappast med Donald Trump i valet.

– Skulle det bli snakk om ein ny administrasjon i USA som undergrev Nato, så er det ganske dramatisk for Noreg, seier Knutsen.

Professoren er klar på at USA er valet han personleg er mest spent på i år.

– Dels fordi det er uvisst korleis det kjem til å gå, spesielt når ein har ein kandidat som Donald Trump, som har ein historikk med å bryte med normer, kome med autoritære utspel og som har gitt uttrykk for at han ikkje gi seg, uansett resultatet.

Med over 60 fleire land som som har val i år, blir det uansett spanande å følgje med på kven som leiar verda i 2025.