Væpna lærarar skal hindre skuleskytingar i Tennessee

Lærarar i Tennessee får ha med våpen på skulen.

Kristin Molvær
Publisert

Lærarar i den amerikanske delstaten Tennessee kan ta med våpen på jobb. Det er klart etter at Representanthuset i Tennessee vedtok ei kontroversiell ny lov tysdag denne veka, skriv danske Politiken. 

I fjor vart tre born og tre vaksne drepne i ei skuleskyting i delstaten. Dei republikanske politikarane som sit med makta i delstaten, håpar det nye lovverket skal hindre fleire skuleskytingar.

Våpenopplæring

Ifølgje interesseorganisasjonen Giffords Law Senter, er det tillate for skulelærarar å ta våpen med på jobb i omkring halvparten av delstatane i USA.

Lærarane som vil bere handvåpen i Tennessee, må gjennomføre 40 timar med våpentrening, og dei må betale for våpen og opplæringa sjølve.

Motstandarane av lova er overtydde om at fleire våpen i skulane sannsynlegvis vil føre til ulykker.

– Beskytta våpena

Våpenrelatert vald er ifølgje interesseorganisasjonen Sandy Hook Promise den hyppigaste dødsårsaka for born og tenåringar i USA.

– I staden for å beskytta borna, har dei endå ein gong beskytta våpena, skriv den demokratiske politikaren Justin Pearson på X/Twitter og viser til republikanarane. Han vart i fjor saman med ein annan demokrat ekskludert frå kongressen på grunn av motstanden mot lova, men vart seinare attvald.

Representanthuset, der republikanarane har fleirtal, vedtok lova med 68 stemmer for og 28 stemmer imot.