No døyr fleire unge amerikanarar av skytevåpen enn i trafikken
Skuleskytinga på ein barneskule i Uvalde, Texas har starta ein ny nasjonal debatt om tilgangen til skytevåpen. Kva fortel statistikken oss om amerikansk våpenkultur?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så langt i 2022 har det vore 214 masseskytingar i USA. Det viser tal frå organisasjonen Gun Violence Archive.
Tysdag 24. mai tok 18 år gamle Salvador Ramos seg inn på ein barneskule i Uvalde, Texas med ei semiautomatisk rifle etter å ha drepe bestemora si. På barneskulen drap han 19 barn og to lærarar.
Skuleskytinga har skapt sterke reaksjonar. Hundrevis av elevar på forskjellige skular i USA har demonstrert med å forlate klasserommet, og fleire profilerte politikarar har uttrykt at det er nødvendig å endre landets våpenpolitikk. Mellom anna har tidlegare president Barack Obama uttalt seg på Twitter:
– Nesten ti år etter Sandy Hook og ti dagar etter Buffalo er landet vårt lamma. Ikkje av frykt, men av ein våpenpolitikk og eit politisk parti som ikkje på nokon som helst måte ønsker å handle for å hindre desse tragediane, skriv den tidlegare presidenten.
We’re also angry for them. Nearly ten years after Sandy Hook—and ten days after Buffalo—our country is paralyzed, not by fear, but by a gun lobby and a political party that have shown no willingness to act in any way that might help prevent these tragedies.
— Barack Obama (@BarackObama) May 25, 2022
Dødsfall grunna skytevåpen aukar
Kvar dag blir nesten 53 menneske drepne med skytevåpen i USA. Berre i år har 142 born mellom 0–11 år og 514 tenåringar mista livet.
Mellom 2019 og 2020 auka dødsfall grunna skytevåpen i USA med 13,5 prosent. Men ser du på unge menneske i ein eigen kategori var auken betydeleg større.
Ifølge ein forskingsartikkel i New England Journal of Medicine auka dødsfall grunna skytevåpen frå 2019 til 2020 for unge mellom 1 til 19 år med 30 prosent.
Forskarane analyserte innsamla data, som viste at meir enn 45 000 amerikanarar døydde grunna skytevåpen i 2020. Dette talet har auka kvart einaste år det siste tiåret.
Bilulykker og skytevåpen har bytta plass
Patrick Carter er ein av forfattarane av artikkelen, og meddirektør på University of Michigan’s Institute for Firearm Injury Prevention. Han seier til NPR at omtrent 10 prosent av desse dødsfalla, som vil seie omtrent 4357 totalt, er barn.
Gjennom mange tiår har bilulykker vore den mest vanlege dødsårsaka blant barn i USA, men i 2020 tok skytevåpen over. Carter seier til NPR at grunnen til at desse to dødsårsakene har bytta plass er to forskjellige historier, og viser til ei anna studie i New England Journal of Medicine.
– Mens dødsfall grunna skytevåpen har auka, har vi hatt ein nedgang i dødelege bilulykker. Det har blitt betre barnetryggleik i bilar, men vi har ikkje klart å gjere det same når det kjem til skytevåpen, seier Carter til NPR.
Sjølv om USA har eit stort problem med masseskytingar, skjer størsteparten av dødsfall blant barn grunna skytevåpen i daglege ulykker.
– Desse forferdelege masseskytingane som kjem i nyhenda, er berre ein liten del av det store problemet. Masseskytingar er den minste delen av denne statistikken. Det er dei daglege dødsfalla som skapar det totale bildet, seier Carter.