Kaja Ingdal Hovdenak håpar å vere ein like god leiar som læraren sin på ungdomsskulen.

Åshild Slåen
Publisert

– Den aller viktigaste saka for NSO er lik tilgang til utdanning for alle.

Det skriv Kaja Ingdal Hovdenak på e-post til Framtida. Ho vart nyleg valt som ny leiar for Norsk Studentorganisasjon (NSO) på landsmøtet deira, og kjem til å ta over posisjonen frå Oline Sæther i sommar.

Like sjanser for alle

Lik tilgang til utdanning er hjartesaka for Hovdenak.

– Dette er berande for all politikken vår, og blant anna grunnen til at studiestøtta er så utruleg viktig for oss. Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å bli student, uavhengig av økonomien til foreldra dine.

Økonomi pregar difor også det ho meiner er viktig for NSO inn i ein ny periode.

Kaja Ingdal Hovdenak

Alder: 24

Personlege pronomen: Ho/henne

Frå: Ås

Yrke/utdanning: Samanliknande politikk ved UiB.

Favorittfag på skulen: Historie og kunst og handverk.

Ulike verv: Utover verva mine i studentdemokratiet er eg frivillig i studentbaren Diskuterbar og hovudstyremedlem i ANSA.

Medlem i: NTL, Støttekomiteen for Vest-Sahara, Leger Uten Grenser, Studentersamfunnet i Bergen.

Organisasjonen vil framleis kjempe for 1,5 G i studiestøtte, altså grunnbeløpet i folketrygda gangar ein og ein halv. I tillegg vil ho jobbe for at politikken til NSO bli ein del av partiprogramma til neste stortingsval.

Rettstryggleiken til studentar er også ein del av dette, og var eit stort tema på landsmøtet. Fuskesakene frå det siste året har engasjert studentar.

Kaja Ingdal Hovdenak er vald som ny leiar i NSO.

– Det er difor ein siger at vi no har vedteke ein resolusjon med offensiv og tydeleg politikk på fusk.

Vedtaket seier at reglane for fusk må samkøyrast nasjonalt, og at å bruke opp at eige arbeid ikkje skal straffast.

– Det er eit viktig poeng at denne resolusjonen kjem direkte frå medlemslagsnivå, så her kjem det eit tydeleg signal frå grasrota i studentrørsla.

Eit anna tema som engasjerer, er skulepengar for internasjonale studentar.

– At høgare utdanning skal vere gratis i Noreg er ei veldig viktig prinsippsak for oss når vi ønsker at alle ha lik tilgang til utdanning. Difor kan vi ikkje godta at regjeringa faktisk innførte skulepengar i strid med sine eigne valprogram og si eiga regjeringsplattform. Vi veit at mange lokale partilag, fylkeslag og stortingsrepresentantar frå regjeringspartia er einige i dette.

Ungdomsskulelærar som førebiletet

Studentengasjementet til Hovdenak starta då ho vart med i fagutvalet på studiet.

– Då fekk eg ei slags aha-oppleving då eg oppdaga at vi studentar faktisk har ei reell påverknadskraft. Eg fekk erfare at studentstemma vår har kraft bak seg, og at vi må tørre å løfte ho. For vi har rett til å bli høyrd på alle nivå.

Leiarførebiletet hennar er Knut, ein lærar som inspirerte ho på ungdomsskulen.

– Knut såg alle elevane i klassa, uansett om dei var flinkisar eller litt trøblete. Han brydde seg genuint om oss alle, var tydeleg engasjert i arbeidet sitt og la inn ein innsats for alle rundt seg. Og han spreidde desse verdiane til alle rundt seg.

– Uansett kva ein driv med i livet synest eg måten Knut jobba på er inspirerande.

Pushvarsel og venemiddag

På fritida likar Hovdenak å måle eller gå på fjelltur, i tillegg til å vere med venane sine. Ho er sosial, noko som også trakk ho inn i frivilligheita

– Eg har fått mange gode venskap gjennom alt frå studentradioen til studentbaren.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Eg må nok ærleg seie at det er TikTok.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Haha, det er faktisk gjennom pushvarsel. Sjølvsagt følgjer eg også regelmessig med på blant anna Politisk kvarter og les aviser dagleg, men det er pushvarsel som held med oppdatert fortløpande.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Heilt ærleg, så måtte det vore ei av mine beste venninner, Saskia. Vi ser kvarandre sjeldan no som ho har flytta til Frankrike, så eg saknar henne eigentleg ein del. Eg trur vi hadde laga ein digg pastarett saman.

Sol i Bergen og betre studentøkonomi

Hovdenak kan sjå for seg mange draumenyheiter, og skulle gjerne sett overskrifta: «Varig sol i Bergen ut året».

– Men det komande året er det berre ei draumenyheit eg skal jobbe for, og det er at studiestøtta aukast og knytast til 1,5G.

Sannsynet for kva overskrift som kjem fyrst, kan kanskje politikarane i neste regjering svare betre på.

Idealsamfunnet hennar er når det å studere blir verdsett på linje med det å vere i arbeid. For ho betyr det betre økonomi, slik at ein kan vere fulltidsstudent.

– Vi vil ha moglegheit til å bruke studietida vår på å lære, vekse, og møte andre studentar med heilt anna bakgrunn. Då trur eg utdanninga vil bli betre, meir tilgjengeleg, og ikkje minst meir attraktiv.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

1001 natt. Eg synest ho har mange fine forteljingar og har gode minne frå då mamma leste fleire av dei for meg då eg var lita.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Veit dette kanskje er det mest uoriginale eg kan svare i 2024, men det må bli Makta!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– «Yes» av LMFAO.