Angela (24) tek høgare utdanning: – Heilt fantastisk!

Personar med nedsett kognitiv funksjonsevne har ikkje tilgang til høgare utdanning i Noreg. Gjennom eit pilotprosjekt får Angela Teodora Lindstad moglegheita.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg ville studera fordi eg likar å læra. Eg kjente nokon som studerte og då ville eg det òg, fortel Angela Teodora Lindstad frå Oslo.

Framtida.no møter 24-åringen på VID vitenskapelig høyskole i Oslo der ho tek eit samlingsbasert studie i menneskerettar for personar med utviklingshemming.

Manglar vitnemål

I dag går fristen for å søkja høgare utdanning ut. For dei fleste norske ungdommar er dette sjølvsagt, sjølv om ingen har krav på ein studieplass. For personar med lærevanskar eller nedsett funksjonsevne er ikkje ein studieplass like sjølvsagt.

Fram til no har mellom anna elevar med Downs syndrom fått «ikkje vurdert» på vitnemålet, men Kunnskapsdepartementet endrar dette til «vurdert etter individuell læreplan», melder TV 2.

Ein må ha generell studiekompetanse for å søkja høgare utdanning, men ein kan søkja opptak til høgare utdanning på særskilt grunnlag om ein kan dokumentera høgare kunnskapsnivå enn karakterane tilseier. Det er svært høge krav for å få innvilga ein slik søknad.

I 2021 var det til dømes 1327 personar som søkte opptak på særskilde vilkår. Berre 26 av desse fekk plass.

Nedsett funksjonsevne er ifølgje Samordna opptak eit særskilt vilkår, men manglande tilrettelegging er ikkje det.

«Menneskerettar og kvardagsliv»

I 2022 starta VID vitenskapelig høyskole saman med ei gruppe studentar å utvikla eit samlingsbasert studie opp eit eige utdanningsprogram for personar med kognitiv funksjonsnedsetting. Nokre av desse søkte seg vidare på kullet som studerer i 2023/2024. Det eittårige studiet har grupper i både Oslo og Stavanger. Fase to av pilotprosjektet planleggjast og skal gjennomførast i 2024–2025.

Studentane tek til saman 30 studiepoeng i emna «Menneskerettar og kvardagsliv», «Å forska saman» og «Livssyn, verdiar og profesjonelle relasjonar».

– Hovudgrunnen til å starta dette prosjektet er at dette er personar som ikkje har dei same rettane i utdanningssystemet, seier professor Inger Marie Lid på telefon til Framtida.no.

Ho er tilsett ved VID vitskapelege høyskole og er ein av dei fagansvarlege for høgskuleutdanning i menneskerettar for personar med utviklingshemming, som er det første prosjektet av sitt slag i Noreg.

Professor og fagansvarleg Inger Marie Lid. | Foto: VID

Pilotprosjektet er er drifta av VID, eigd av Norges Forbund for Utviklingshemmede (NFU) og støtta av stiftinga Damm.

Gjennom studiane har studentane mellom anna fått arbeida med menneskerettane gjennom FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD), filosofiske tekstar frå Aristoteles og andre fagtekstar.

– Menneskerettane vert brotne

Retten til utdanning er nedfelt i både Grunnlova, menneskerettane og CRPD. Ei offentleg utgreiing frå 2016 slår fast at personar med utviklingshemming i Noreg reelt sett ikkje har tilgang til høgare utdanning.

Grunnen til dette er ifølgje Lid at mange ikkje har formelt grunnlag å søke med fordi dei ikkje får vurdering og vitnemål frå vidaregåande skule på grunn av mangel på tilrettelagt undervisning og karakterar.

Ho peikar på at retten til høgare utdanning for alle er eit politisk spørsmål og etterlyser betre tilrettelegging gjennom heile utdanningsløpet frå barnehage via grunnskule og vidaregåande skule.

– Gjennom heile utdanningssystemet må dei møtast på ein annan måte. Heilt frå barnehagen av må ein møtast med ei positiv innstilling og betre individuelt tilrettelagt undervisning. Menneskerettane vert brotne når ein ikkje møtast med eit positivt menneskesyn om at alle kan læra, meiner Lid.

På grunn av manglande finansiering vert ikkje pilotprosjektet vidareført som eit studietilbod.

Ho brukar omgrepet ableisme, som viser til diskriminerande haldningar og manglande positive forventningar til folk basert på funksjonsevne.

– Når ein ikkje tek ansvar for at alle personar skal ha eit tilbod gjennom utdanning, så er det eit svikt i systemet. Alle borgarar skal ha like moglegheiter til å søkja utdanning og desse personane har ikkje det, avsluttar Lid.

Kunnskapsdepartementet: – Opptekne av universell utforming

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ivar B. Prestbakmo, svarar på kritikken via ein e-post frå kommunikasjonsavdelinga.

– Kva seier de til kritikken om at Noreg bryt menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne ved å ikkje la dei få tilgang til høgare utdanning?

– Vi er svært opptekne av læringsmiljø, universell utforming og tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetjingar. I fjor vart det gjort endringar i universitets- og høgskulelova for å gjera tydeleg rettane til studentane. Eg forventar at institusjonane sikrar universell utforming, og at dei med særskilde behov får tilrettelegginga dei treng, seier statssekretær Ivar B. Prestbakmo.

Han viser til den nye universitets- og høgskulelova som tek til å gjelde frå 1. august i år, der § 10–5 tek føre seg individuell tilrettelegging for studentar (sjå faktaboks).

Kunnskapsdepartementet viser til at innlemminga av CRPD i norsk lov er ute på høyring og at ansvaret for denne ligg til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høgskoleloven) § 10–5. Individuell tilrettelegging for studenter

Studenter med funksjonsnedsettelse og studenter med særskilde behov har rett til egnet individuell tilrettelegging av lærested, undervisning, praksis, læremidler og eksamen.

Retten gjelder ikke tilrettelegging som innebærer en uforholdsmessig byrde for institusjonen. Når institusjonen skal vurdere om tilretteleggingen innebærer en uforholdsmessig byrde, skal det særlig legges vekt på

  1. tilretteleggingens effekt
  2. kostnadene ved tilretteleggingen
  3. institusjonens ressurser.

Tilretteleggingen må ikke føre til en reduksjon av de faglige kravene som stilles i det enkelte studiet. For å bestå må studentene oppnå det læringsutbyttet som kreves for studiet.

 

Departementet understrekar at Grunnlova § 109 understrekar at styresmaktene skal sikre «like høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar», noko som betyr at alle søkarar må oppfylle dei same opptakskrava for å bli vurderte.

Dei viser til at regjeringa frå hausten innfører «fullføringsretten», som inneber at alle elevar skal få opplæringa dei treng inntil dei fullfører vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

– Kva vil de gjera for å sikra denne gruppa betre tilrettelegging gjennom utdanningsløpet, slik at dei får naudsynte karakterar til å søkja høgare utdanning?

– Alle elevar, også dei med funksjonsnedsettingar, skal få ei opplæring tilpassa deira behov slik at dei kan fullføra vidaregåande opplæring. Frå hausten av innfører regjeringa ein rett som skal sikre at alle elevar får opplæringa dei treng heilt til dei har fullført. Så må vi også hugse på at opptakskrava er der for å sikre best mogleg føresetnader for å klare høgare utdanning, seier statssekretær Ivar B. Prestbakmo.

 

Frå vidaregåande til høgare utdanning

– Mine menneskerettar er at eg har rett til å studera, eg har rett til å vera den eg er, eg har rett til å snakka, eg har rett til å lytta og så har eg rett til at nokon følgjer opp, forklarar student Angela Teodora Lindstad.

Fram til sjette klasse gjekk ho i ein ordinær klasse, men på vidaregåande gjekk ho på musikk og drama i ein spesialklasse og hadde framandspråk i ordinær klasse.

– Før fanst jo ikkje dette og då kunne ikkje eg studera, men no finnast det og no studerer eg, seier Lindstad entusiastisk.

Studentane har ti samlingar i løpet av året, og dessutan vekevise digitale møter mellom samlingane.

Ho synest det er «heilt fantastisk» og «amazing» å få moglegheita til å studera i eit fellesskap og læra om menneskerettar, sjølvbestemming og samarbeid.

– Det er veldig fint at me har menneskerettar, for eksempel retten til å studera. Det er viktig at dei som har nedsett funksjonsevne har rett til å studera og ikkje stenga ute nokon, understrekar ho.

Lærer i fellesskap

Lindstad lærer mykje av å snakka og samarbeida med dei andre, men medgjev at det kan vera vanskeleg å jobba med oppgåvene.

Før jul hadde ho munnleg eksamen, og var strålande nøgd med resultatet.

– Det var så gøy!

– Kvifor var det gøy? 

– Det er gøy å få det til og så er det gøy og ringa andre og seia: «Eg har bestått! Eg har bestått!»

24-åringen synest å hugsa at tema var sjølvbestemming, og forklarar at det handlar om at ein bestemmer sjølv kva ein kan gjera uavhengig av foreldre og vener.

I starten sakna ho å gå på vidaregåande skule, men ho har lært mykje av å ta høgare utdanning.

– Det er jo vanskelegare å studera. Det er jo det. Ein får oppgåver ein kan gjera heime og slikt. Det var ikkje nokon som gav meg ansvar på vidaregåande, men her får eg det, avsluttar ho.