Talet på søkjarar til helse- og oppvekstfag har sokke kraftig

Søkjartala til helse- og oppvekstfag har sidan 2020 falle med 3500 elevar, ein nedgang på 15 prosent.

NPK-NTB
Publisert

Nedgangen i søkjartala til helsefaga på vidaregåande skule er liten dersom ein ser endringa frå 2023 til 2024. Men utviklinga er ein del av ein større trend, skriv Klassekampen.

Sidan 2020 har søkjartala til helse- og oppvekstfag falle med 3500 elevar, ein nedgang på 15 prosent.

I same periode har andelen gutar som søkjer helse -og oppvekstfaga, falle frå 18,7 prosent i 2020 til 14,1 prosent i 2024.

For helsesektoren er utviklinga særleg alvorleg. Statistisk sentralbyrå reknar med at Noreg kan mangle mellom 18 000 og 38 000 helsearbeidarar med fagbrev i 2035.

Helse- og oppvekstfag er den største yrkesfaglege linja på vidaregåande skule, med over 20 000 søkjarar årleg. Linja gir utdanning i fag som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, men også mindre fag som ambulansearbeidar, hudpleiar, ortopediteknikk og tannhelsesekretær.