Rekordmange søkjer seg til yrkesfag
Over halvparten av dei som har søkt vidaregåande opplæring til hausten har yrkesfag som fyrsteval. Ikkje sidan 2021 har søkjartalet vore høgare.
– Er det noko vi treng i samfunnet vårt framover, er det dyktige og dedikerte fagarbeidarar. Det er dei som skal vere med på å løyse dei store samfunnsutfordringane vi har framfor oss. Derfor har vi jobba mykje med å få fleire til å søkje yrkesfag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Talet på søkjarar til yrkesfag har auka med 1,4 prosentpoeng frå 2023 til 2024, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.
Auken er størst i Møre og Romsdal, med 6,4 prosentpoeng fleire søkjar i år enn i fjor, men det er Finnmark som har den høgaste andelen yrkesfagsøkjarar. Der har 71 prosent av søkjarane til første året på vidaregåande skule yrkesfag på topp.
Med unntak av Akershus og Oslo har alle fylka over 50 prosent søkjarar til yrkesfag. Oslo har den lågaste andelen, med 27 prosent, men dette er også ein auke frå i fjor.
Etter fleire år med nedgang, aukar no andelen som søkjer helse- og oppvekstfag. 12 prosent av alle søkjarar har dette som førstevalet sitt, medan det nest største yrkesfaglege studieprogrammet er teknologi og industrifag, som har 11 prosent av alle søkjarane.
Bygg- og anleggsteknikk, naturbruk og informasjonsteknologi og medieproduksjon er dei einaste yrkesfaglege utdanningsprogramma der andelen søkjarar er litt lågare enn i fjor.