Isa (18) meiner bokmålselevar bør bli eksponert for nynorsk

Målungdommen rosar lokallag og Steinkjer videregående skole for å skipe ei heil nynorskveke. Isa Hildrum (18) trur fleire kunne ha godt av det same.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi blir eksponerte for mykje nynorsk sjølv om bokmål er hovudmål her.

Isa Hildrum (18) går i tredjeklasse på Steinkjer videregående skole.

Som dei fleste andre elevane i Steinkjer, har ho bokmål som hovudmål.

Isa Hildrum var med på å arrangere nynorskveka. Foto: privat

Nynorskveke

Tidlegare i månaden arrangerte skulen saman med Steinkjer Mållag ei eiga nynorskveke, med innhald både i skuletida og på kveldstid. Hildrum var med i ressursgruppa som arrangerte denne.

Ho trur nynorskveka har bidrege til at dei har lært meir om skriftspråket og at fleire har fått auga opp for at det er ein måte å uttrykkje seg på og å kunne variere språket.

– Nynorsk har eigentleg vore berre til skulebruk, men denne veka har vore med på å endre det litt, fortel 18-åringen på telefon til Framtida.no.

Ho har inntrykk av at fleirtalet av elevane synest nynorsk er litt unødvendig.

– Litt sånn «gidd», for å bruke ungdomsspråk, og at ein ikkje ser heilt vitsen med det. Her er det jo bokmål som har vore hovudmål sidan barneskulen, og så kjem nynorsk frå ungdomsskulen av. Det har fått liten plass, og har berre kome litt på slutten. Men, på vidaregåande har det fått større plass.

Kjende forfattarar

Elevane lærde om fleire minoritetsspråk. Foto: privat

– Vi hadde òg om sørsamisk språkhistorie, og har lært litt om språkminoritetar og kvifor det er viktig å ta vare på minoritetsspråka, fortel Hildrum om opplegget under nynorskveka.

Elevane fekk òg besøk av forfattarar som Ingrid Storholmen, Inger Johanne Sæterbakk og brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn.

– Eg synest det var veldig interessant og eit veldig bra føredrag med Brynjulf Jung Tjønn. Mykje fordi vi var godt kjende med diktsamlinga frå før. Å få høyre med han sjølv og få meir bakgrunnskunnskap om han, kva han tenkte då han skreiv den og kva som fekk han til å skrive den, var veldig interessant.

– Trur du at fleire elevar er positive til nynorsk etter nynorskveka?

– Ja, absolutt. Eg var med i ressursgruppa og er jo glad i skule, så ein må skilje litt kva eg sjølv tenker og majoriteten tenkjer. Ein kan ikkje legge skjul på at mange synest det er kjedeleg og kanskje litt gammaldags, men eg har inntrykk av at folk var positive til opplegget og ei veke retta mot eit tema.

– Eg trur mange hadde ei god oppleving med det og fekk ny motivasjon til å tenke over kvifor vi skriv på to skriftspråk og inkludere nynorsk litt meir.

Eksponering

Hildrum meiner nøkkelen til å bli god i eit nytt språk, er å bli eksponert for det og trene på det når ein ikkje tenkjer så mykje over det. Ho synest lærarane hennar er flinke til å nytte nynorsk også når det ikkje er sidemålsundervising, i til dømes presentasjonar om andre norsktema.

Ho oppmodar spesielt lærarar på skular der dei fleste har bokmål som hovudmål til å bruke nynorsk meir. Det kan òg elevane gjere privat.

– Det er kanskje mykje forlangt at folk skal skrive tekstmelding på sidemål til venninnene, vi skriv vanlegvis på dialekt, men det er lurt å tenke litt meir over det så det ikkje kjem så brått på eksamen.

Tobias Christensen Eikeland, som er leiar for Norsk Målungdom, er heilt einig i oppmodinga til Isa.

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

– Den aller beste måten for elevane til å bli betre i nynorsk, er å bli eksponerte for det. Både på tavla og i skriftleg kommunikasjon. Det er eit framifrå tiltak.

Få nynorskelevar

I heile Trøndelag er det seks elevar som har nynorsk hovudmål i grunnskulen. Det syner tal frå Grunnskulens informasjonssystem (GSI). Ingen av desse går på skule i Steinkjer.

På vidaregåande er det 32 elevar som har nynorsk som hovudmål i Trøndelag, opplyser fylkeskommunen til Framtida.no. Det er ingen elevar ved Steinkjer videregåande skole som har det.

– Sjølv om det er få, så er det nokon, og alle skal lære nynorsk. Spesielt i område der ein ikkje ser så mykje nynorsk, er det viktig å møte på nynorsk ikkje berre gjennom pensumlitteratur, men også i kvardagen, seier Eikeland i Målungdommen.

Han var sjølv ein del av programmet under Nynorskveka, og rosar opplegget.

– Fantastisk initiativ

Målungdomsleiaren meiner at å setje av ei eiga nynorskveke kan medverke til å gje elevane inspirasjon og bidra til at dei lærer å skrive nynorsk betre.

– Kort sagt er det eit fantastisk initiativ! Eg håper dette kan inspirere andre til å gjere det same, for mykje av haldningsarbeidet er at ein lærer meir om nynorsk.

Han opplevde at det var engasjerte elevar som høyrde på og som bidrog under opplegget, og at dei var interesserte i å lære.

Positiv trend

Leiaren av fylkesmållaget Trønderlaget, Espen Tørset, fortel at nynorsk historisk har hatt ein solid posisjon i Trøndelag, både som skulemål og i bruk i samfunnet. Sjølv om det er få elevar som har nynorsk hovudmål i skulen i dag, opplever dei ein positiv trend.

Espen Tørset er leiar for Trønderlaget, mållaget i Trøndelag. Foto: NTNU

– Vi har mange dyktige, unge forfattarar som skriv på nynorsk. Trønderlaget opplever ein medlemsvekst, og har i dag i underkant av 600 medlemmar, skriv han på e-post til Framtida.no.

Trønderlaget feirar i desse dagar 125-årsjubileum og vil legge til rette for at fleire skular og mållag kan stelle til liknande arrangement som nynorskveka i framtida.

– Det er særs viktig med slike arrangement som Steinkjer mållag har stelt til. Det gjer at ungdommane våre får ei forståing av språksituasjonen i Noreg og kvifor vi treng å kunne skrive både nynorsk og bokmål. I tillegg får dei møte nynorskbrukarar som viser at nynorsk er i bruk også utanfor skulen og/eller i dikt.