Brei støtte til samfunnsteneste – kan løyse oppgåver i helsevesenet

Over 50 prosent i Sandnes og Stavanger støttar samfunnsteneste for unge. Helseministeren er begeistra for forslaget.

NPK-NTB
Publisert

Over halvparten av dei spurde i både Stavanger og Sandnes er positive til eit Ap-forslag om eit obligatorisk pliktår etter vidaregåande.

I Stavanger støttar 59 prosent forslaget, og i Sandnes er andelen 54 prosent, skriv Stavanger Aftenblad. Det kjem fram i ei spørjeundersøking utført av Respons Analyse blant 1601 respondentar i Stavanger og Sandnes.

Forslaget, som først vart fremja av bystyrerepresentant Dag Mossige (Ap) i Stavanger, handlar om eitt år med samfunnsteneste etter vidaregåande, anten i militærteneste eller i det sivile samfunnet. Aktuelle område er helse og oppvekst og frivillig sektor, særleg innan beredskap og humanitære organisasjonar.

– Det handlar om å styrkje fellesskapskjensla, og bidra til inkludering og integrering. Eit pliktår kan også vere med på å gi unge verdifulle erfaringar inn i arbeidslivet, og bidra til at dei lærer seg struktur og disiplin, seier Mossige til avisa.

Eldre meir positive

Generelt aukar støtta til forslaget med alder. Menn er også meir positive til pliktår enn kvinner. I Stavanger finn ein sterkast støtte blant Sp-veljarar, deretter Ap og Frp og Høgre. SV-veljarane er minst positive, her er eit fleirtal mot.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) lèt seg òg begeistre av regjeringskollega Kari Nessa Nordtuns (Ap) forslag om eitt års samfunnsteneste for alle.

Ingvild Kjerkol er heilt samd i forslaget, skriv VG.

Kan hjelpe helsevesenet

Kjerkol vil at alle norske ungdommar skal gjennomføre eit pliktår for samfunnet. Ho seier at mange kan jobbe i helsevesenet som eit alternativ til militæret.

– Vi diskuterer allmenn verneplikt fordi Forsvaret treng meir personell. Utfordringa med å ta vare på kvarandre er også stor. Det handlar om å mobilisere ressursane i samfunnet på ein klok måte, seier helseminister Kjerkol til VG.

Kjerkol seier at det finst fleire oppgåver i helsevesenet som ungdommar kan løyse i eit pliktår.

– Fleire delar av helsetenesta tek i bruk servicevertar og matvertar, slik at dei som har helsefagleg kompetanse får brukt den mest mogleg i møte med pasientane, seier ho.