Utdanningsdirektoratet forbyr KI-bruk på eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) gir fylkeskommunane i landet klar beskjed om at ingen elevar skal ha tilgang til KI-program i eksamenslokalet.

NPK-NTB
Publisert

Klassekampen skreiv tysdag at nokre fylke ville gi elevar tilgang på KI-støtta språkverktøy på eksamen, medan andre ikkje ville det. No skriv avisa likevel at Udir set foten ned og seier at ingen KI-program skal vere tillatne.

Det er fylka sjølv som har ansvar for at alle KI-program blir fjerna frå lista over tillatne hjelpemiddel på eksamen. Udir kjem til å følgje opp forbodet via tilsyn.

Fylke som Agder, Buskerud og Akershus må derfor fjerne KI-språkprogrammet Grammarly frå listene sine.

– Grammarly skal ikkje vere tilgjengeleg på eksamen, seier avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i Udir til avisa.

Udir har tidlegare i år varsla at dei vil gjere endringar frå og med eksamensvåren 2025. Mellom anna vil dei sjå på moglegheita for å fjerne eller endre hjelpemiddelordninga og førebuingsdelen til skriftleg eksamen.

Dei vil også sjå på moglegheita for skjermovervaking og sikkert eksamensnett.

– Eit anna mogleg tiltak er at elevane gjennomfører eksamen på ein PC som er eigd av skulen i staden for den personlege PC-en sin. Då blir moglegheita fjerna for å laste ned ikkje-tillatne program, skreiv Udir i ei pressemelding i februar.