Elevleiar etterlyser kompetansekrav for rådgjevarar i skulen

1. mars går fristen for å velja vidaregåande skule ut. Både Elevorganisasjonen og Rådgiverforum Norge er skuffa over at den nye opplæringslova ikkje stiller krav til rådgjevarane sin kompetanse.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Situasjonen i dag er at mange elevar får dårlege råd, seier leiar i Elevorganisasjonen Petter Andreas Lona.

Dei er slett ikkje nøgde med rådgjevingstenestene i grunnskulen.

Fleire omval

1. mars er fristen for å søkja vidaregåande opplæring. Innan den tid skal nesten 70 000 tiandeklassingar ha valt kva vidaregåande skule og linje dei vil gå på.

Det er eit stort val, men dagens elevar får fleire omval enn det som har vore tidlegare.

Frå 1. august trer nemleg den nye opplæringslova i kraft. Leiaren i Elevorganisasjonen gler seg særleg over at elevane då kan byta linje på vidaregåande så mange gonger dei vil fram til dei fyller 19 år, medan dei i dag berre har eitt omval. I tillegg får elevane rett til opplæring fram til dei fullfører vidaregåande skule, ein rett som i dag er avgrensa til tre år.

Den nye lova gjev òg lærlingar rett på yrkesrettleiing, noko dei ikkje hadde før.

§ 16–1. Rådgjeving om utdannings- og yrkesval (frå opplæringslova som trer i kraft 1. august 2024)

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgja for at elevar i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgjevinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.

Elevane skal få rådgjeving på den skulen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.

Fylkeskommunen skal sørgja for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgjeving om utdannings- og yrkesval.

 

– Ansvar for å motverka kjønnsrollene

Nyleg fortalde tidlegare leiar i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus (24), at ho som skuleflink jente følte det var forventa at ho valde studiespesialiserande framfor yrkesfag.

Historia overraskar ikkje Lona.

– Det er definitivt ei stor utfordring at det er ei haldning om at dumme elevar må velja yrkesfag og smarte elevar må velja studiespesialiserande. Dei som er rådgjevarar vert òg styrt av samfunnets forventningar, men det er viktig at rådgjevarane aktivt bidreg til å motverka at gutar går bygg og jenter helse. Rådgjevarane har eit ansvar for å motverka kjønnsrollene.

Illustrasjonsbilete: Colourbox.com

Lona gjekk sjølv studiespesialisering, noko han vart rådd til for å halda alle moglegheiter opne.

– Det kan godt hende at eg hadde hatt det like fint med noko anna, men eg vart fortalt det same som veldig mange andre elevar: «At du må halde alle dørene opne», seier Lona.

Han understrekar at det er feil at ein lukkar dører med yrkesfag, fordi ein kan ta påbygg og snart kan ombestemma seg så mange gonger ein vil fram til søknadsfristen det året ein fyller 19 år.

1 av 3 rådgjevarar utan formell kompetanse

Elevorganisasjonen skulle ynskja den nye lova sytte for eit kompetanseløft blant rådgjevarane i skulen.

I 2020 kartla SINTEF rådgjevingstenestene i den norske skulen. Undersøkinga viser at 1 av 3 rådgjevarar mangla utdanning i yrkesrettleiing.

I dag er det ikkje noko formelt krav til kompetanse for rådgjevarar med ansvar for yrkes- og karriererettleiing, anna enn det som vert sett frå skuleeigar. Blant rådgjevarane i ungdomsskulen var det berre 31 prosent som svara at det var kompetansekrav då dei vart tilsett.

– Det er altfor mange rådgjevarar utan utdanning. Det er gjerne ein avdanka lærar eller noko slikt, så me håpar det faktisk blir nokre betre kompetansekrav om vidareutdanning, seier Lona.

Kartlegginga viser òg at mange rådgjevarar opplevde eit tidspress, noko Lona er uroa for.

– Det er vanskeleg å få kontakt, i grunn, og det er problematisk. Me bør få på plass ei ordentleg god rådgjeving.

Leiar i Rådgiverforum Norge, Liv Hofgaard.

Ville styrka statusen

Leiaren i Elevorganisasjonen får støtte av leiar i Rådgiverforum Norge, Liv Hofgaard, som har master i karriererettleiing og jobbar som rådgjevar ved Skeiane ungdomsskule i Sandnes i Rogaland.

– Eg trur det er negativt for feltet når rådgjevarane ikkje har utdanning. Du kan jo tenkja deg å undervisa i norsk eller matte utan utdanning. Det er ikkje bra i det heile teke, seier Hofgaard.

Hofgaard viser til ein offentleg rapport om karriererettleiing frå 2016 som tilrådde at rådgjevarar bør ha minimum bachelorgrad, der 60 studiepoeng er relevante for stillinga. Dei støttar òg forslaget om at lærarar som skal undervisa i ungdomsskulefaget utdanningsval bør ha 30 studiepoeng i faget.

Òg Utdanningsforbundet meiner at eit kompetansekrav vil profesjonalisera og styrka tenesta.

Rådgjevaren er difor skuffa over at høyringsinnspelet deira om at den nye opplæringslova må stilla krav til formell kompetanse hjå rådgjevarane, ikkje er kome inn i den endelege lova.

– Det ville ha styrka statusen for rådgjevarane òg, meiner Hofgaard.

– Negativt for elevane

Rådgiverforum Norge etterlyser òg ein eigen stillingskategori som sikrar ein minimumsressurs til utdannings- og yrkesrettleiing ved skulane.

Hofgaard meiner formuleringane i den nye opplæringslova svekkjer elevane sin rett til individuell rådgjeving.

I dag står det i opplæringslova § 22–1 at alle elevane har rett til nødvendig rådgjeving. I den nye lova heiter det at: «Kommunen og fylkeskommunen skal sørgja for at elevar i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgjevinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.»

– Med den nye lova risikerer ein at dei som treng det, ikkje oppsøkjer tenesta. Alle treng det, men mange kan falla ut av systemet fordi elevens rett er teken bort. Det er negativt for elevane sin del at dei ikkje har den retten lenger, meiner Hofgaard.

§ 22–1. Generelt om retten til rådgjeving (frå forskrift til opplæringslova frå 2009)

Den enkelte eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgjeving: sosialpedagogisk rådgjeving og utdannings- og yrkesrådgjeving. Tilbodet skal vera kjent for elevar og føresette, og vera tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skulen.

Retten til nødvendig rådgjeving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skulen og ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgjeving kan vera både individuell og gruppevis. Eleven sitt behov og ønskje vil avgjera forma som blir teken i bruk.

Rådgjeving skal medverka til å jamne ut sosial ulikskap, førebyggja fråfall og integrera etniske minoritetar. For at rådgjeving skal bli best mogleg for eleven, skal skulen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgjeving og utdannings- og yrkesrådgjeving i samanheng.

Eleven skal få den hjelpa han/ho treng for å utvikla seg vidare og utnytta eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

 

Kunnskapsdepartementet vil sikra fagleg fridom

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Sindre Lysø (Ap).

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Sindre Lysø, synest det er viktig at unge gjer gode utdanningsval og finn eit yrke dei er interesserte i.

– Det er viktig at dei får gode råd og rettleiing frå rådgjevingstenesta på skulen, og at vi hjelper elevane med å sjå kva moglegheiter arbeidslivet har å by på, skriv han i ein e-post til Framtida.no via presseavdelinga til Kunnskapsdepartementet.

Statssekretæren forklarar kvifor dei ikkje har inkludert kompetansekrav på følgjande måte:

– I forarbeida til lova er det lagt til grunn at rettleiande kompetansestandardar basert på det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing, vil vera eit meir fleksibelt verkemiddel enn lovfesta kompetansekrav. Dette gir meir fagleg fridom og større handlingsrom for kommunen og fylkeskommunen.

Han understrekar at den nye opplæringslova seier at kommunen og fylkeskommunen skal sørga for at elevar i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgjevinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.

– Det inneber at skulen aktivt må vurdera kva slags rådgjeving den enkelte eleven har behov for. Kommunen og fylkeskommunen har i alle tilfelle ansvaret for at reglane i lova blir oppfylte, og dei skal sørga for å ha rett og nødvendig kompetanse i skulen.