Høgsterett skal behandle anke etter at student vart frikjend for sjølvplagiering

Høgsteretts ankeutval har vedteke at anken i saka om sjølvplagiering skal opp i Høgsterett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det var i fjor vinter at ein student vann fram i lagmannsretten etter å ha vorte utestengd for fusk ved Høgskolen i Innlandet.

Lagmannsretten meinte det ikkje var fusk og frikjende studenten, men staten anka.

Etter at det vart kjent at staten hadde anka, kom det fram at dåverande statsråd Sandra Borchs masteroppgåve inneheldt tekstar frå andres oppgåver. Borch kalla inn til ein pressekonferanse 19. januar der ho erkjende feil og kunngjorde at ho trekte seg.

Advokaten til studenten, Magnus Stray Vyrje, seier til NTB at dei framleis meiner dommen til lagmannsretten er rett.

– Vi har ingen merknader til avgjerda og får berre forhalde oss til den, seier han.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) seier til NTB at dei anka saka for å få avklart viktige rettslege spørsmål.

– Eg er fornøgd med at Høgsterett behandlar saka. Det trur vi er i interessa til både studentane og utdanningsinstitusjonane. Anken handlar ikkje om å køyre ei hardast mogleg linje overfor studentane, men om at praktiseringa av reglane må vere så enkle og forståelege som mogleg. Derfor ser vi fram til Høgsteretts avklaring, seier Hoel.