Sandra Borch går av som statsråd

Statsråden for forsking og høgare utdanning trekker seg etter skuldingar om plagiat.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Saka blir oppdatert

– Då eg skreiv mi masteroppgåve for rundt ti år sidan gjorde eg ein stor feil.

Det sa Senterparti-politikaren på ein pressekonferanse fredag kveld.

E24 publiserte tidlegare på kvelden ein artikkel som syner at Sandra Borch si masteroppgåve frå 2014 har like passasjar som masteroppgåver som er skrivne av andre studentar på tidlegare tidspunkt. Desse er ikkje gjeve opp som kjelde, noko som i akademia kan bli rekna som juks. Det skal òg vere like stavefeil i tekstane, ifølgje nettavisa.

Borch har skrive masteroppgåve i rettsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet.

Henta tekst frå andre

– Eg henta tekst frå andre oppgåver utan å oppgi kjelder, og det er eg veldig lei meg for, sa Borch på pressekonferansen.

Ho er klar på at feilen ho har gjort ikkje går saman med å vere ansvarleg for regelverk for gjennomføring av eksamen. Borch har ikkje full oversikt over kor mykje tekstlikskap det er i oppgåva.

Borch understreka at avgjerda om å gå av var hennar eiga.

Borch vart landbruks- og matminister i oktober 2021, og gjekk over til å vere forskings- og høgare utdanningsminister i august 2023.

NSO: – Må vere likskap for lova

– Vi kan ikkje ha ein høgare utdanningsminister som sjølv blir tatt i fusk. Det må vere likskap for lova både overfor statsrådar og studentar, seier leiar for Norsk Studentorganisasjon Oline Sæther, ifølgje NRK.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon.

Ho synest det er riktig av statsråden å gå av, og trekker fram at denne saka viser at det er fullt mogleg å trå feil for studentar med eit kronglete regelverk og lite rettleiing. 

Kunnskapsdepartementet har nyleg varsla at dei vil ta ein student til Høgsterett for såkalla sjølvplagiering.

Støre: – Ikkje foreinleg

– Sandra Borch har gjort ein feil, og har sjølv valt å ta ansvar for det. Det har eg respekt for, seier partileiaren hennar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til VG.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det som har kome fram ikkje er foreinleg med den tilliten ein må ha for å vere forskings- og høgare utdanningsminister.

– Eg har forståing for at Sandra Borch synest denne saka gjer det vanskeleg for ho å ha nødvendig tillit som statsråd for høgare utdanning, uttalar han i ei pressemelding, og understrekar at han respekterer avgjerda om å trekke seg.