Brukar du «pre-workout»? Det bør du kanskje revurdere

Antidoping Norge åtvarar mot konsekvensane ved å bruke «pre-workout».

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Har du høyrt om pre-workout? Det er ein type kosttilskot som blir teke i samband med trening, fordi det skal gi meir energi og ha ein oppkvikkande effekt.

Det er mykje innhald om «pre-workout» på Instagram. Foto: Skjermdump

Eit kjapt google-søk, gir 764 000 000 resultat på pre-workout. Emneknaggen #preworkout på Instagram har 5,4 millionar innlegg, medan emneknaggen #preworkout på TikTok har over 400 000 postar.

– Vi får ein del førespurnader frå unge som lurar på om det er trygt eller som har opplevd biverknader, fortel forskingsleiar i Antidoping Norge Fredrik Lauritzen til Framtida.no.

Høg risiko

NRK skriv at over halvparten av dei spurde i ein studie frå 2019 opplevde biverknader av pre-workout. Lauritzen i Antidoping Norge understrekar at det er snakk om éin studie, og at andre studiar kan ha andre tal.

– Men det er ikkje tvil om at ein del opplever biverknader. Nokre av dei kan vere meir alvorlege, medan andre er meir ubehagelege.

Vanlege biverknader er kvalme, svimmelheit, auka hjarterytme, prikking i huda og uro.

Pre-workout er eit kosttilskot med høg risiko, forklarar Lauritzen.

Produkta inneheld ofte ei blanding av ulike stoff, og koffein er ofte hovudingrediensen. Men pre-workout inneheld også andre stoff som hevdar å vere prestasjonsfremjande, og det kan vere vanskeleg å vite mengda av dei ulike ingrediensane. Det er gjerne få detaljar på emballasjen, så det er vanskeleg å vite kva og kor mykje du får i deg.

Kan vere doping

Spesielt i produkt kjøpt på nett og i utlandet er det risiko for å få i seg noko som er ulovleg.

Fredrik Lauritzen er forskingsleiar i Antidoping Norge. Foto: Antidoping Norge/Thomas Bjørnflaten

– Det vi er mest bekymra for er at ein del av produkta inneheld forbodne stoff som står på dopinglista. Ser ein på alle dopingsakene i norsk idrett, så er det ein betydeleg del av dei som har testa positivt som har brukt pre-workout med eit forbode stoff. I nokre tilfelle står det forbode stoffet oppført på boksen, i andre tilfelle ikkje.

Pre-workout med ulovlege stoff kan difor både føre til utestenging frå idretten ved dopingtest, og ha helsemessige konsekvensar.

● Les også: Fleire unge tek steroid

Mykje koffein

– Er det farleg å bruke?

– Eg kan ikkje seie det er farleg å bruke for friske personar. I utgangspunktet er det eit lovleg produkt, og så lenge ein held seg til anbefalt dosering, skal det vere trygt. Så vil jo risikoen auke med meir enn anbefalt dosering eller viss du kombinerer ulike typar produkt. Ein kan få i seg veldig mykje koffein.

Illustrasjonsfoto: This Supplement Sucks/Unsplash

Koffein kan gi søvnforstyrringar og negative effektar på sentralnervesystemet og hjarte- og karsystemet, har Marianne Hope Abel, forskar ved Folkehelseinstituttet, uttalt tidlegare. FHI er uroa for kor vanleg energidrikk, som gjerne inneheld mykje koffein, har blitt blant unge. I fjor gjekk eit fleirtal i Stortinget inn for 16-års aldersgrense for kjøp av energidrikk.

I tillegg til koffeinen, kjem risikoen for å få i seg til dømes stimulerande stoff ved pre-workout.

– Det er funne ein del amfetaminliknande stoff. Då er nok risikoen mykje høgare, seier Lauritzen.

Ver varsam

Viss ein ønsker å bruke kosttilskot, meiner antidopingforskaren ein bør vere varsam med kva som er i det.

– Vårt råd er at ein bør undersøkje kosttilskotet litt grundigare og sjå om du som individ vil få effekt av det. Ein bør ikkje berre gjere som andre eller som ein ser i sosiale medium, der det er sterk marknadsføring gjennom ein del influensarar.

Stor etterspurnad

Proteinfabrikken er blant dei største distributørane i Skandinavia. Dei stadfestar til NRK at etterspurnaden etter pre-workout er stor.

– Desse produkta appellerer mest til store gymbros, fortel produktansvarleg Egil Berli-Johnsen til kanalen.

Han understrekar at reglane i Noreg er strenge, og at dei følgjer krava. Men han gjer merksam på at doseringa på pakken gjeld vaksne normalvektige personar. Unge som er litt lettare, kan difor risikere å ta for mykje.

– Det er betre å ta tran enn pre-workout, konkluderer han.