FHI bekymra over kor mange ungdommar som drikk energidrikk

Norsk ungdom har eit aukande forbruk av energidrikk. Det bekymrar FHI.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Resultata i den nye rapporten frå FHI viser at det har vorte vanleg å drikke energidrikk heilt frå 13-årsalderen.

– Heile 58 prosent på ungdomsskulen og 72 prosent på vidaregåande skule drikk energidrikker. Koffein kan gi søvnforstyrringar og negative effektar på sentralnervesystemet og hjarte- og karsystemet, seier Marianne Hope Abel, forskar ved Folkehelseinstituttet og ansvarleg for analysane i rapporten.

Hope Abel fortel at tala bekymrar.

– Når vi ser kor vanleg energidrikkene har vorte blant dei unge og kor mykje enkelte drikk, er vi bekymra. Det er ei uheldig utvikling.

Blant ungdommane som svarte at dei drakk energidrikker, hadde ein av tre drukke tre boksar eller meir i løpet av eit døgn.


På TikTok er det lett å bli dratt inn i ein spiral med skadeleg innhald.