Fleire unge tek steroid

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 20:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anabole steroid blir ofte brukt for å oppnå ein meir muskuløs kropp, eller for å forbetre idrettsprestasjonar.

Gjennom Steroidelab.no – ei nettside utvikla av Steroideprosjektet – svarer Christine Wisløff, spesialsjukepleiar og leiar for prosjektet ved Oslo Universitetssjukehus, på førespurnader om anabole steroid frå både kvinner og menn i alle aldrar.

Ho fortel at debutalderen for bruk av steroid er i gjennomsnitt 21,5 år i Noreg, men at gutar heilt ned i 12-års alderen tek kontakt og viser interesse for steroid, skriv Oslo Universitetssykehus i ei pressemelding.

Konsekvensane av å bruke steroid kan vere av både fysisk og psykisk art – og svært alvorlege. Dei som bruker anabole steroid, slit ofte med ulike plager undervegs og etter avslutta bruk. Nokre av dei mest alvorlege biverknadene er hjartestans, feittavleiringar i blodårene, infarkt, muskelavrivingar, djup depresjon og nokre blir også suicidale. I tillegg kan reproduksjonsevna bli nedsett eller forsvinne heilt.

Dårleg hud med store kviser, håravfall, tap av sexlyst eller plagsamt høg sexlyst, humørsvingingar og muskelsmerter er andre biverknader som også kan oppstå. I tillegg finst det kjønnsspesifikke biverknader, og for kvinner kan dette m.a. bety auka hårvekst, forstørra klitoris og mørkare stemme. Menn kan oppleve å få potensproblem og «mannepuppar».


Les også: Ungdom har aldri trent meir enn dei gjer no