Støre om EU-resolusjonen om havbotnmineral: – Mykje av det som blir sagt om Noreg, er feil

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det blir drive med desinformasjon rundt Noregs opning for gruvedrift på havbotnen.

NPK-NTB – Bibiana Piene, Marius Helge Larsen og Peter Talòs
Publisert

– Det som det har vore snakka om i Europaparlamentet dei siste dagane, har vore ei beskriving av kva Noreg faktisk driv med som ikkje stemmer med røyndommen, seier Støre til NTB.

Onsdag vedtok EU-parlamentet ein resolusjon som uttrykkjer sterk bekymring for vedtaket Stortinget gjorde 9. januar om å opne opp for kommersiell leiting etter mineral på havbotnen.

Det er sjeldan at parlamentet vedtek resolusjonar retta mot Noreg.

– Mykje er feil

Ei rekke miljøorganisasjonar og fleire parti meiner no at saka kan sverte Noregs internasjonale omdømme.

Men det tek Støre førebels med ro.

– Noreg er vant til at det kjem påstandar og utsegner om forvaltninga vår av havområda. Det har det alltid vore, anten det har handla om kvalfangst eller gassverksemd, eller som no, at vi har ei kartlegging av kva vi har av mineral på havbotnen.

– Men felles for mykje av det vi møtest med, er jo feil, både når det gjeld kva vi har planar om, og kva som er situasjonen i havområda, seier statsministeren.

– Har de vorte misforstått?

– Det er vel nokon som ønskjer å portrettere dette på ein måte som skal gi eit inntrykk av at Noreg driv med andre ting enn det vi gjer. Det har vi opplevd før, og vi må ha god sjølvtillit til å forklare det.

– Kven er det som gir dei inntrykka?

– Det er jo ein del organisasjonar som ønskjer å krisemaksimere denne saka for å få merksemd. Men det meiner eg er veldig kortsynt, fordi heile det grøne skriftet, havvind, solceller og alt det vi skal satse på, kjem til å trenge desse minerala, seier Støre.

Informerer europeiske kollegaer

Sjølv skreiv han nyleg brev til EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen om saka. For å unngå misforståingar, som han skreiv.

– Eg har brukt høvet dei siste dagane til å informere europeiske kollegaer om kva det er Noreg faktisk gjer. Det er ikkje slik at vi kjem til å gi grønt lys til gruveverksemd på havbotnen. Det er ikkje eit einaste prosjekt som er til vurdering, og det er ikkje gitt eit einaste grønt lys, påpeikar han overfor NTB.

– Men når det gjeld kritiske mineral, står vi i ein situasjon der vi er i ferd med å gjere oss heilt avhengig av Kina eller barnearbeid i gruver i Afrika. Og når Noreg veit at vi på delar av havbotnen vår kan ha mineral som ligg i overflata av havbotnen, så meiner vi at vi også har eit ansvar i å kartleggje dette og sjå om det er mogleg å vinne ut det.

– Men før vi i det heile skal vurdere og gi grønt lys til dette, så må vi få ein grunngitt søknad som kritisk skal gåast gjennom, seier Støre

Blod på tann

Førebels har ikkje argumenteringa hjelpt nemneverdig. EU-parlamentets resolusjon har derimot gitt motstandarane av gruvedrift på havbotnen blod på tann.

Greenpeace omtaler det som «en knusende kritikk» og eit «hardt slag mot Norge».

I ein e-post til NTB skriv Venstres Ola Elvestuen at Stortingets vedtak og EU-resolusjonen «undergraver Norges posisjon som en havnasjon».