Fleire blir mobba og færre er motiverte i vidaregåande skule: – Veldig alvorleg

Nye tal frå Elevundersøkinga viser at mobbing har blitt meir utbreitt på vidaregåande skular.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Nye tal frå Elevundersøkinga syner at 6,1 prosent av elevar i fyrste trinn på vidaregåande opplever mobbing på skulen. Det er ein auke på 1,9 prosent frå 2022. Leiar i Elevorganisasjonen (EO) Petter Andreas Lona er uroa over utviklinga.

– Det er veldig alvorleg at andelen elevar som opplever å bli mobba har auka så mykje på så kort tid. Ein auke på nesten to prosent på eitt år er ikkje noko me kan ignorera, seier Lona.

Førre veke kom tala frå 7. og 10. trinn. Resultata frå grunnskulen syner at elevane har opplevd høgare førekomst av mobbing dei siste månadane, samanlikna med tidlegare år. Nye tal frå vidaregåande skule, der undersøkinga er obligatorisk for vg1-elevar, syner ein liknande trend.

Dei siste to åra har talet på elevar på 10. trinn og vg1 som opplever mobbing auka vesentleg.

Feil fokus etter pandemien

Lona meiner hovudproblemet i den norske skulen i dag, er at skulen og elevane legg alt fokus på prestasjonar, som gjer at trivsel fell til sida.

EO-leiaren meiner skulane ikkje gjorde eit godt nok arbeid for å styrka skulemiljøet då elevane kom tilbake etter mange månadar med heimeskule under pandemien.

– Ein har ikkje fokusert nok på skulemiljøet etter pandemien. Bygging av møteplassar og band mellom medelevar vart gløymd, det er klårt at skulemiljøet ikkje blir bra då, meiner Lona.

Lona er uroa for at utviklinga kan ha store konsekvensar for elevane.

– Me er veldig opptekne av gode resultat på eksamen. Sjølvsagt må me fokusera på prestasjonar, men det er berre der fokuset ligg. Det gjer at mange elevar kjenner på stort stress og press, seier elevleiaren.

Færre er motiverte for skulearbeid

I undersøkinga kjem det òg fram at elevane stadig blir mindre motiverte for skulearbeid. Frå 2022 til 2023 synte undersøkinga ein nedgang på fire prosent i elevar som svarer at dei er interessert i å læra «i mange» eller «i alle eller dei fleste fag». Trenden er lik for ungdomsskulen og barneskulen.

 

Lona meiner låg motivasjon både er ein av grunnane til og er forårsaka av dårleg fokus på skulemiljø.

– Ei løysing på den låge motivasjonsgraden blant elevar kan vera å gje dei meir medverknad i eigen skuledag. Me ser at elevar som får velja eigne fag og får vera med på utforminga av skuledagen sin, er meir motiverte for å delta i den, seier Lona.

Elevane trivst stundom

Blant elevane som rapporterte at dei hadde opplevd å bli mobba dei siste månadane, er trivselen likevel høg. Halvparten av elevane frå vg1 som opplever mobbing, fortel at dei trivst godt på skulen.

– Det er jo høge tal. Det er heilt klart ein enorm auke, synest eg. Og så er det litt interessant at det er auke på nokre område, og stabilt på andre, seier mobbeombod i Oslo, Henrik Raustøl til NRK.