Tek grep med nynorskkurs for jusstudentar: – Å kome til Oslo er veldig einsamt

Alle som studerer juss kan ha godt av å lære meir om nynorsk, meiner studentane på kurset.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg opplever ofte at det ikkje er motstand frå studentmassen eller problem å vere nynorskskribent i seg sjølv. Det som motarbeider deg heile tida er det administrative.

Det seier jusstudent Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll (22) frå nynorskkommunen Vaksdal.

Ho er førsteårsstudent på juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo og brukar ettermiddagen på eit frivillig kurs for nynorskskrivande studentar, som fakultetet arrangerer.

– Det at administrasjonen tek ansvar ved å arrangere noko slikt, blir jo eit veldig pluss, mot alle minusane du ofte føler at du møter på.

Ein av intivativtakarane bak er jusstudent Solveig Brunvoll, som tidlegare har kritisert universitetet si haldning til nynorsk:

Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll (til høgre) er på nynorskkurs saman med Anna Elise Pedersen (til venstre). | Foto: Åshild Slåen

Respektert og likestilt fagspråk

Norsk juss er eit område der ein ikkje kan velje bort ei målform. Er ei lov, eller ein høgsterettsdom, skriven på nynorsk, må du lese det på nynorsk.

– Det er det fine med å vere høgsterettsdommar, eg står ikkje til ansvar for nesten nokon andre enn Stortinget, spøker Borgar Høgetveit Berg.

Han er har vore høgsterettsdommar sidan 2018, er opphavleg frå Ål, har skrive nynorsk heile livet, og stiller opp for å gi studentane fagleg påfyll.

Magnus Eikemo (22) synest det er noko bokmålsstudentar, inkludert han sjølv, har godt av.

– Når jussbrukarane klagar på ordet uturvande, som står i ei nynorsk lov, så er det ein brøkdel av det alle nynorskbrukarane kjenner på.

Notat frå nynorskkurs på juridisk fakultet. Foto: Åshild Slåen

Og akkurat i lova meiner Akselvoll ein får meir jamstilte språk ennn mange andre stader.

– Du kan syte så mykje du berre vil, men lova står på nynorsk, og skal du utøve god juss, så må du lesa ho, seier ho.

Det er ein situasjon ho trur mange bokmålsbrukarar sjeldan opplever.

– Som nynorskbrukar følest det i større grad at det blir likestillt. Eg har tvunge meg gjennom å lese bokmålstekstar heile tida, og eg kan ikkje seie at eg ikkje har lyst.

Fagomgrep og omsetjing

Målet med kurset er å hjelpe studentane skrive betre jusstekstar, både på nynorsk og generelt. Dei lærer språkhistorie, gammal dansk skrivestil blir utskjelt og studentane får forbod mot å bruke ordet herunder.

– Kva vanskelege ord møter de på i studiet, spør Berg dei ni jusstudentane som er møtt opp.

Bestemmelser, seier ein student.

Rettmessighet, kjem det frå ein annan.

– Alle dei fagspesifikke bokmålsorda som dei så lagar samansette ord av.

Det siste treff ei nerve. Fleire i rommet ler og seier seg einige.

Etter å ha fått ut noko frustrasjon, byrjar studentane å diskutere korleis dei kan omsetje, erstatte, skrive seg rundt, og i nokre tilfelle stryke bokmålsord.

Fint også for bokmålsstudentar

Ikkje alle på kurset har nynorsk som hovudmål. Lofotværing Anna Elise Pedersen (24) brukar nynorsk når ho arbeider på Det Norske Teatret, men har aldri skrive noko særleg juss på nynorsk. Likevel synest ho kurset er nyttig for å betre språket sitt, spesielt når det kjem til fagomgrep som nynorskbrukarar må tenkje gjennom kvar dag.

– Eg blir litt svar skuldig, for eg brukar jo desse omgrepa heilt ukritisk, utan å setje spørsmålsteikn rundt om eg forstår dei, seier ho.

Ho meiner kurset gjer ho meir medviten rundt jussen sin, uavhengig om ho skriv han på bokmål eller nynorsk.

– Herlegheit, kor ofte er det eit skrivekurs der det kjem inn ein høgsterettsdommar? Det er luksus, uavhengig av målform.

Anna Elise Pedersen brukar ikkje særleg nynorsk som student, men synest kurset er nyttig. | Foto: Åshild Slåen

Å skaffe eit nettverk

Likevel er det nynorsken som er fokus.

Kva gjer ein på eksamen når ein skal forklare fagomgrep på bokmål, og ikkje har lov til å slå opp kva omsettinga blir? Kva er den beste ordboka? Må ein alltid skrive på bokmål når ein gjer gruppeoppgåver?

På kurset kan studentane utveksle tips med kvarandre.

Dette er ifølgje professor Jørn Øyrehagen Sunde ein viktig grunn til at dei arrangerer kurset.

– Det faglege er ikkje nødvendigvis det vanskelegaste, men det sosiale kan vere ei stor utfordring. Ein har ingen å spørje når ein lurar på noko språkleg.

Han fortel at mindre enn éin prosent av studentar ved juridisk fakultet i Oslo avlegg eksamen på nynorsk, men understrekar at kurset er for så mange eller så få som kjem.

– Kjem det éin student, hjelper vi éin student.

Einsamt å vere einaste nynorskbrukaren

For Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll er det sosiale er viktig. Ho gjekk på vidaregåande i Bergen, der ho med ein gong merka at ho måtte kjempe meir for målforma.

– I Bergen er ein ikkje nødvendigvis så mange, men ein er likevel mange fleire enn her. Å kome til Oslo er veldig einsamt,

Før Akslevoll starta på juss, gjekk ho på kriminologi. Då måtte ho tole å vere den einaste ho kjente som skreiv nynorsk, med alle utfordringane som kjem med det.

– Det er vanskeleg. Eg vurderte aldri å bytte, men eg forstår godt dei som gjer det.

No har ho derimot fått med seg forloveden sin på kurset, som sjølv vurderer om han burde bytte målform.

Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll har fått med seg forloveden Magnus Eikemo på nynorskkurs, sjølv om han eigentleg plar skrive bokmål som jusstudent. Foto: Åshild Slåen

Magnus Eikemo går også på juss, og er frå Bergen. Han fortel at han har hatt eit varierande forhold til nynorsk.

– Då eg var yngre var eg veldig for at ein skulle kunne velje å skrive nynorsk, men veldig mot at ein skulle bli tvungen til å skrive begge delar.  No gjer det meg ingeting, seier han.