I 2021 døydde over 250.000 europearar av luftforureining

Europa pustar tungt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ifølgje ein rapport frå EUs miljøbyråd døydde minst 253.000 personar i EU i 2021 grunna finpartikla luftforureining.

Det er likevel ein reduksjon i dødfall på 41 prosent sidan 2005. Målet for det grøne skiftet i EU og EØS er å redusera dødsfall relatert til luftforureining med 55 prosent innan 2025.

Eit av dei viktigaste tiltaka vil vera å redusere utsleppa frå transportsektoren, skriv Teknisk Ukeblad.

WHO har skjerpa krava til luftkvalitet, og EU-rapporten syner at luftkvaliteten i EU-landa ikkje følgjer WHO-standardane. WHO seier luftforureining er den største miljøtrusselen mot folkehelsa i Europa, skriv Teknisk Ukeblad.

Verstinglanda er Polen, Italia og Tyskland. Norden, særleg Island, Finland, Sverige, Noreg og Estland, opplever minst helsemessige konsekvensar av luftforureining.