Johanna (27) lagar Duostories på nynorsk

Frivillige språkentusiastar verda over nyttar materiale frå den kommersielle appen Duolingo til å fremje minoritetsspråk.

Åshild Slåen
Publisert

Dersom du ynskjer å lære nynorsk, og ikkje allereie kan norsk, kvar startar du då? Det er eit spørsmål språkentusiast og folkemusikar Johanna Breivang (27) frå Trøndelag snubla over på internett.

Fleire spurte om kva greia var med at norsk hadde to skriftspråk. Kva skulle dei lære seg dersom dei ville kunne norsk?

– Svaret er ofte at du gjer kva du vil, men det er nesten ingen ressursar for å lære seg nynorsk, seier Breivang på telefon til Framtida.

Svaret vart å bli med i prosjektet Duostories.

Påfyll til Duolingo

Duostories er eit frivillig prosjekt som er uavhengig frå språkappen Duolingo, men som får bruke noko av materialet til appen. På utvalde språk har Duolingo eigne forteljingar eller samtalar som du kan lese gjennom og løyse oppgåver til. Desse er ikkje tilgjengeleg for alle språka i appen, og Duostories har difor fått løyve til å bruke materialet, slik at frivillige kan omsetje dei til fleire språk.

Daglegdagse samtaler rundt frukostbordet er noko av det du får frå duostories. Foto: Skjermdump frå duostories.org

– Då eg nemnde at eg hadde lyst på fleire ressursar for Duostories, vart eg invitert til Discord-serveren deira. Etter det fekk eg omsett og hatt ut mange historier ganske raskt.

Breivang er den einaste på serveren som har nynorsk som hovudmål. I tillegg har hen hjelp frå to andre nordmenn og ein færøying som kan nynorsk til å kvalitetssikre omsetjingane sine.

Takka vere desse er det no 40 historier på nynorsk og 50 på bokmål tilgjengeleg for dei som kan engelsk og vil lære seg norsk.

Viktige ressursar

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner det er viktig med slike ressursar.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

– Aktørar som Duolingo bør sjølv ta ansvar for at nynorsk og andre minoritet- og mindretalsspråk er tilgjengelege i kursa sine.

Han er imponert over innsatsen som har gått inn i prosjektet.

– Breivang har gjort ein utruleg viktig jobb og vist at det både er mogleg og populært!

Ein arena for minoritetsspråk

Kvifor er det så mange som frivillig omset slikt materiale? Duolingo er eit selskap som skal tene pengar, og marknaden er større for store språk som spansk, arabisk, kinesisk og engelsk.

Ifølgje Breivang blir ikkje mindre språk prioritert når det ikkje har like mange brukarar, og mange minoritetsspråk er difor ikkje tilgjengeleg i Duolingo.

Duostories blir difor ein naturleg møteplass for frivillige som arbeider for meir læremateriale for små minoritetsspråk

Mirandesisk er eit truga språk, men har 57 historier tilgjengeleg på Duostories.

– I Noreg er målfolk ofte veldig engasjert i nynorsk, og ein ser det same med språk i andre land, seier Breivang.

Hen fortel blant anna om fleire portugisiske frivillige på Discord-serveren. Dersom du kan portugisisk er det no tilgjengeleg fire portugisiske minoritetsspråk, med blant anna 57 historier for mirandesisk, eit språk som berre er prata av rundt 5000 personar.

Breivang har som mål å kunne gjere noko av det same på norsk. Med tida har hen planlagt å gjere nynorsk-bokmål Duostories tilgjengeleg, slik at folk som kan norsk har endå eit verktøy for å øve på nynorsk.

Kva håpar du skjer med kurset?

– Eg håpar at det ein dag blir meir formalisert, kanskje det kan leie til eit anna prosjekt der folk frå utlandet kan bruke det til å lære nynorsk.

I mellomtida håpar hen at dei nye ressursane er nyttige for folk. Breivang gjer sitt beste for å spreie det på Discord-serveren for dei som vil lære seg norsk.

– Folk kjem dagleg og lurar på kva greia er med nynorsk, og eg fortel dei om kurset.