Undersøking: Nynorsken står svakt i lærarutdanninga
I ei undersøking går det fram at mange lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk. Over 70.000 elevar her i landet skal ha undervising og oppfølging på nynorsk i alle fag, ikkje berre i norskfaget.
– Eit viktig funn i rapporten er at studentar som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sine, seier Ida Marie Jegteberg, ansvarleg for undersøkinga. Ho er stipendiat ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
– Ifølgje emneplanane vi har undersøkt, må ikkje studentane som tek praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, skrive på nynorsk på noko tidspunkt gjennom utdanninga si. Og desse studentane utgjer ein ganske stor del av lærarane i framtida, legg ho til.
Ho fortel vidare at dersom utdanningsinstitusjonane i det heile testar nynorskkompetansen til studentane, gjer dei det i hovudsak ved heimeeksamen. Altså ein testsituasjon utan tilsyn. Bokmålskompetansen blir testa ved skuleeksamen.
Språkdirektør Åse Wetås minner om det språkpolitiske ansvaret som Kunnskapsdepartementet sit med.
– Språklova gir det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Opplæringssektoren står i ei særstilling i arbeidet med å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde, seier ho.