Meistringskurs mot depresjon reduserer fråfall i skulen

Depresjonar blant ungdom er eit aukande problem. No har forskarar funne eit tiltak som førebyggjer og reduserer depresjon, som igjen gjer at ungdom ynskjer å fullføre vidaregåande skule.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Fråfall blir rekna for å vere eitt av dei største problema i den norske skulen. Det viser seg at 20 prosent droppar ut av vidaregåande, medan fire av ti treng eitt eller fleire år ekstra for å fullføre.

Oda Charlotte Larsen Sætre er utdanna spesialpedagog og jobbar som pedagogisk-psykologisk rådgivar i Porsgrunn kommune. Ho har forska på tiltak mot depresjon, for å førebyggje fråfall i den vidaregåande skulen.

– Frå tidlegare internasjonal forsking veit vi at det er ein sterk samanheng mellom å droppe ut av skulen og depresjon. Vi veit også at depresjon er vanlegast i alderen 15 til 21 år, seier ho.

Sætre og forskarkollegaane ville derfor undersøkje om «Meistringskurs for ungdom» mot depresjon, utvikla av psykolog Trygve Børve, ville gjere noko med ynsket om å droppe ut av skulen.

Lærte å endre tankemønster

Over 200 elevar mellom 16 og 19 år deltok i prosjektet. Alle gjekk første eller andre året på vidaregåande og hadde rapportert milde til moderate symptom på depresjon. Gruppa vart delt i to. Den eine gruppa fekk eit gruppebasert tilbod over 14 veker gjennom kurset «Meistringskurs for ungdom».

Her lærte dei å endre eige tankemønster og meistre eigen kvardag. Den andre gruppa deltok ikkje, men fekk vanleg behandling på heimstaden.

Resultatet viste at elevane som følgde «Meistringskurs for ungdom» hadde mindre teikn på depresjon etter kurset, samanlikna med gruppa som berre fekk vanleg behandling. Det viste seg at Meistringskurset gjorde at ungdomane i større grad ynskte å fullføre skulen.

– Metoden har hatt god effekt

– Vi kan seie sikkert at denne metoden har hatt god effekt, både mot depresjon og i forhold til ynsket til deltakarane om å fullføre skulen, seier Oda Charlotte Larsen Sætre. Ho er ikkje i tvil om at «Meistringskurs for ungdom» er eit tiltak som verkar.

Kurset er gratis og tilgjengeleg over heile landet.