Rekordmange fullfører vidaregåande skule


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er fantastisk at rekordmange går ut av vidaregåande med eit fagbrev eller vitnemål i handa. Det er enormt viktig for moglegheitene i framtida for unge folk. Samtidig blir fellesskapen vår styrkt av at fleire fullfører, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
Over 53 000 av elevane som byrja i vidaregåande i 2016, fullførte med studie- eller yrkeskompetanse. Andelen har stige med 9 prosentpoeng over dei siste ti åra.
I aldersgruppa 16–25 år er det 11,5 prosent som verken har bestått eller er i vidaregåande opplæring. Det er ein historisk låg del.
– For mange unge er utanfor arbeid og utdanning i dag. Unge skal ikkje stå åleine, men tvert om vite at dei har fellesskapen i ryggen. Derfor er det bra og viktig at stadig færre fell utanfor. Alle fortener høvet til å oppnå kompetanse og komme i arbeid, og fullført vidaregåande bidreg til nettopp det, seier Brenna.
Blant dei som er utan og utanfor vidaregåande opplæring, er halvparten i arbeid.
Å gjennomføre vidaregåande skule blir rekna som å fullføre innan ein viss tidsperiode frå ein starta vidaregåande. For yrkesfag er det seks år, medan for studieførebuande er det fem år.