Mentol- og klikksigarettar blir forbodne i Noreg neste år

Noreg er eitt av få land i Europa som framleis tillèt mentol- og klikksigarettar. Men neste år er det slutt. Det blir også forbod mot e-sigarettar med smak.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eigentleg skulle forbodet mot mentolsigarettar ha komme til Noreg for lenge sidan, som del av EUs tobakksdirektiv. Styresmaktene har tidlegare signalisert at det skulle bli innført i 2021.

– Gjennomføringa av direktivet i Noreg har vorte forseinka på grunn av prosessar i EU og andre Efta-land. Departementet forventar at direktivet vil tre i kraft i Noreg i 2024. Då vil også smaksforbodet tre i kraft her, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet til NTB.

Veksande trend

Klikksigarettane har vorte svært populære i Noreg dei siste åra. Dei inneheld éin eller fleire kuler i filteret med mentol eller andre smaker, som ein klemmer på for å frigjere aromaen. I tråd med EUs tobakksdirektiv er dei forbodne i store delar av Europa.

Det blir også forbode med reine mentolsigarettar eller andre typar sigarettar med smak.

Ein sneipeboks i ein park i Oslo. | Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK