Arrangerer stor klimaaksjon: – Noreg har feige, falske og fossile klimatiltak

Klimamarkeringa er venta å bli blant dei største sidan koronapandemien trefte landet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No deler vi ut magasin for å setje fokus på at vi synest Noreg har feige, falske og fossile klimatiltak, og at vi vil at dei skal få til meir ambisiøs klimapolitikk på toppmøtet i Dubai.

Plakat for klimamarkeringa 20. november. Foto: Lovise Tokle Rannekleiv/Natur og Ungdom

Det seier Thea Erfjord til Framtida.no. Om kort tid skal ho reise til Dubai som representant for sivilsamfunnet under årets klimatoppmøte, men i dag står ho framføre Stortinget i Oslo som koordinator i klima- og naturutvalet til Spire. Saman med ein gjeng andre klimaaktivistar deler ho ut kaffi, bollar og brosjyrar til forbipasserande.

Måndag 20. november blir det nemleg arrangert klimaaksjonar over heile landet.

– Vi skulle så gjerne ønske å sjå Noreg vere mykje meir ambisiøse og gå føre med ekte, reell klimahandling. Vi må kutte utslepp raskare og ta tak i nokre av dei store tinga som Noreg kan gjere for å få til meir klimarettferd. Det er også å fase ut olje og bidra med meir klimafinansiering, seier Erfjord.

Reisegåve til klimaministeren

Over 40 organisasjonar har slutta seg til aksjonsdagen – frå klimaorganisasjonar til fagforeiningar til studentorganisasjonar. I tillegg til ulike stands, lokale markeringar og debatt, blir Den store klimamarkeringa arrangert på Eidsvolls plass klokka 17.

– Då kjem klimaminister Andreas Bjelland Eriksen, og han skal få ein koffert med ulike krav og nokre symbolske gåver som han skal få med seg som ei slags reisegåve til Dubai, seier Erfjord, og held fram:

– Vi skal vise kva ulike folk og organisasjonar krev og forventar av klimahandling på COP, og så håpar vi at han tar det med seg.

Om lag 2600 har klikka at dei er interessert i eller skal delta på arrangementssida på Facebook. Erfjord fortel at det ikkje har vore så mange store klimamarkeringar sidan koronapandemien, så det blir ei av dei største markeringane på lenge.

– Det er mange som har lyst til å vere med og seie tydeleg ifrå om at ein treng klimatiltak med éin gong.

Noko folk bryr seg om

– Kor viktig er det at unge brukar stemma si og seier ifrå?

– Det er så viktig! Og det er så viktig at ein viser tydeleg at det faktisk er noko folk bryr seg om og noko som mange er uroa for, og at ein har lyst til å få til meir klimarettferd.

Thea Erfjord (til venstre) under aksjonen «Feigt, falskt, fossilt» utanfor Stortinget.

Erfjord legg til at det ikkje berre handlar om å kutte utslepp her, men også om å gjere det betre globalt sett.

– For viss vi ikkje gjer noko eller viss vi gjer feil, så går det ofte ut over dei som har minst skuld i klimakrisa og dei som må betale den største byrda for klimaendringane.

Klimatoppmøtet i Dubai startar 30. november.