Klima og miljø

«I staden for å vona at alt kjem til å gå bra berre vi får enda litt meir teknologi, treng vi klimahandling»

«Det er på tide å ta eit oppgjer med ideen om at teknologi er løysinga på alt,» skriv nestleiaren i Spire om teknologioptimisten på klimafeltet.

Ingeborg Sævik Heltne
Nestleiar i Spire
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Vi kommer ikke til å stoppe utviklingen av norsk sokkel,» sa statsminister Jonas Gahr Støre til E24 5. november. Samstundes har Norge eit mål om å kutta utsleppa med over 90 prosent innan 2050.

Korleis skal me klare det? Kan løysinga vere ny teknologi?

Det freistar å lene seg tilbake og håpe at teknologien atter ein gong kjem til å redda oss. Diverre er det ikkje så lett.

Vi er omringa av teknologi. Teknologiske oppfinningar har gjort liva våre mykje enklare. Det går sjeldan ein dag der me ikkje er fullstendig avhengige av teknologi. Frå vi vaknar av alarmen på morgonen, til vi skrur av lyset på kvelden og legg telefonen på nattbordet.

Rapport på rapport viser at vi ikkje er i nærleiken av å nå berekraftsmåla og måla frå Parisavtalen om maks 1,5 graders oppvarming. I reknestykka til det internasjonale klimapanelet, IPCC, ligg teknologiske løysingar innfelte i alle scenarioa som gjer at vi når målet om å avgrense global oppvarming til 1,5 grader.

Det er ei tryggleik i å tru på teknologi. Tenk å ha ei løysing som er så enkel, så innlysande og så lite inngripande. Det freistar å tru på at vi kan leva akkurat slik vi gjer no, utan å gjere omfattande endringar. Det er enklare å leggje vekk klimaskam, klimaangst og andre ubehagelege kjensler knytte til klimakrisa og heller håpe på at teknologien skal redde oss. Å forbruke like mykje, forureine like mykje, men ha teknologiske løysingar som fangar karbon, reinsar lufta og stoppar klimakrisa.

quote-left

Det er enklare å leggje vekk klimaskam, klimaangst og andre ubehagelege kjensler knytte til klimakrisa og heller håpe på at teknologien skal redde oss.

quote-right

Når ein tenkjer seg litt om, høyrest det kanskje for godt ut til å kunne vere sant? Diverre er det ofte det.

Det er på tide å ta eit oppgjer med ideen om at teknologi er løysinga på alt.

Teknologien som vert lova som løysing eksisterer ofte ikkje. Der den eksisterer er den ofte så ressurskrevjande å produsere og implementere at vinninga går litt opp i spinninga. Å berre lene seg på teknologiutvikling er difor ei løysing som er både feig og falsk.

Det er feigt av dei som sit med makta å ikkje gjere det som krevjast, og i staden satsa heilhjarta på falske løysingar.

I staden for å vona at alt kjem til å gå bra berre vi får enda litt meir teknologi, treng vi klimahandling. Alle monnar dreg, men nokre av dei dreg ekstra mykje. Til dømes veit vi at å avvikle olja vil kutte enorme mengder klimagassar. Så mykje at vi kanskje ikkje treng alle dei teknologiske oppfinningane likevel. Me veit også at intakt natur er mykje meir effektiv på karbonfangst- og lagring enn mykje av teknologien som teknologioptimistane drøymer om.

Derfor vil eg oppfordra statsminister Jonas Gahr Støre til å lese Klimautvalget 2050 sin rapport ein gong til.

Den er tydeleg på kvifor Norge treng ein plan for utfasing av olja.