Oslo tingrett avviser gruppesøksmål frå utanlandsstudentar

Dei to studentane som saksøkte Universitetet i Oslo etter at dei ikkje fekk godkjent delar av utdanninga frå utlandet, får ikkje fremja saka i Oslo tingrett.

NPK-NTB
Publisert

Tingretten har funne at gruppesøksmål er lite eigna til å fremje erstatningskravet på over 500 millionar kroner, skriv Rett24.

I mai 2023 leverte dei to studentane, som studerte ved universitetet i Oxford i Storbritannia, eit søksmål der dei kravde 555 millionar kroner.

Dei anslår at talet på studentar som feilaktig er nekta godkjenning er rundt 2000.

Ein av jusstudentane hadde funne feil i over 700 vedtak om godkjenning av utdanning frå UiO, og meiner universitetet har brote reglane i den såkalla Lisboa-konvensjonen frå 1999.

Ifølgje tingretten vil det likevel krevje individuelle vurderingar for kvar enkelt sak, og det er heller ikkje «grunnlag etter norsk erstatningsrett for ei sjablongmessig utmåling, slik saksøkjarane har lagt opp til i stemninga.»

Tingretten og UiOs advokat, Andreas Hjetland frå Regjeringsadvokaten, legg begge vekt på at studentane kan forfølgje krava sine på ordinært vis, gjennom individuelle søksmål.