Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På dagen studerte eg på BI med planar om å bli økonom, men forstod vel allereie då at eg mangla litt motivasjon og vilje til å fullføre det studiet.

Det skriv forfattar Zeshan Shakar i ein e-post til Framtida.no. 

Budde i Tante Ulrikkes vei

I 2017 brakdebuterte Shakar med oppvekstromanen Tante Ulrikkes vei. Romanen var den mest selde i 2018 er sidan utgjevinga seld i 160.000 eksemplar. Romanen sikra òg Shakar Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Også romanane Gul bok frå 2020 og De kaller meg ulven frå 2022 har fått gode kritikkar og lesartal. Nyleg lanserte han også podkasten Bokklubben Bastard, saman med kollegaane Maria Navarro Skaranger og Yohan Shanmugaratnam.

Men 20 år gamal budde Zeshan Shakar i likheit med karakterane i debutromanen i ei grå lågblokk i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo.

Ved sidan av økonomistudia sat han i kassa på Ultra, som no er vorte Meny, på Stovner senter.

– Eg hugsar veldig godt korleis det var å sitte i den kassa på Ultra time etter time, det monotone, lukta av grilla kylling når nokon handla det, eller av ferske baguettar, men at det flaug forbi og hamna i nokon sin pose. Og korleis ein del folk behandla deg berre du tok på deg ein arbeidsuniform i eit lågstatusyrke. Mengda av uhøflege menneske overraska meg.

Verda etter 11. september

Han hugsar ikkje 20-årsdagen i september 2002, men dei store hendingane frå nyheitsbiletet prega kompisgjengen på Stovner sitt syn på verda.

– Eg hugsar at det var veldig kort tid etter angrepa 11. september og at det bokstaveleg talt låg krig og konflikt i lufta og i mediespaltene, det prega både min kompisgjeng og verda. Samstundes var vi veldig optimistiske og hadde store ambisjonar på eigne vegner, om karrierar og livet. Så det var noko dobbelt der heile tida.

Ung mann i ein sofa

Zeshan Shakar fotografert i slutten av tenåra. Foto: Privat

Shakar sjølv hadde ingen klare tankar om kva han skulle bli i livet, og hadde enno ikkje funne fram forfattarambisjonane.

– Eg byrja på BI, og hadde vel ein idé om å bli økonom og få ein ok jobb, men kjeda meg gjennom studia og likte mykje heller å henga med kompisane mine dagen lang, minnast han. 

Seinare vart det stasvitskap og jobb i fleire departement og direktorat, før hans noverande jobb i Oslo kommune.

Rushdie og Beatles

Men tilbake til Oslo 2002/2003. Sjølv om forfattarskapet låg nokre år fram i tid, hadde Zeshan Shakar nyleg byrja å lesa bøker att, etter å ha hatt ein pause gjennom det meste av ungdomstida.

– Skam av Salman Rushdie er ei av bøkene eg hugsar best at eg las i den alderen. 

I tenåra var det einaste han las Beatles av Lars Saabye Christensen, men det var ikkje frivillig, forklara Shakar i Framtida si bokspalte i 2020

Fokus, men ingen råd

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg tror jeg ville tenkt at han guten der treng å fokusera litt, så ordnar det seg nok. 

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Det hadde ikkje spelt så mykje rolle. Eg var ikkje veldig god på å lytte til dei eldre.


Som 20-åring var Iben Akerlie mindre ambisiøs enn i dag og hadde ikkje tenkt tanken å bli forfattar. Foto: Foto: Oda Hveem/Aschehoug og Privat

Zeshan Shakar

  • Fødd 1982 i Oslo
  • Utdanna statsvitar ved Universitetet i Oslo og økonomi ved BI
  • Romandebuterte i 2017 med Tante Ulrikkes vei, som har selt i over 160.000 eksepmplar
  • Har gitt ut bøkene Gul bok (2020) og De kaller meg ulven (2022)
  • Podkastaktuell med Bokklubben Bastard