Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Dette er fem bøker av forfattarar som har ein eigen måte å skriva på som er utruleg spanande og intellektuelt utfordrande, seier Herman Østby (21).

Han rår unge gutar til å starta med noko ein kan relatera til, som har eit litt nytt perspektiv.

Her er hans fem favorittar:

Homo Falsus (1984) av Jan Kjærstad

– Om ein skal lesa Jan Kjærstad er Homo falsus eit godt utgangspunkt. Då eg gjekk på vidaregåande skulle me eigentleg analysera Naiv. Super av Erlend Loe, men eg spurde læraren etter ei endå meir postmoderne bok og fekk tips om denne. Ho hadde rett i at det er ei utruleg fascinerande bok med tanke på korleis karakterane, motiva og språket er sett opp. Ein les og forventar ein vanleg krim som er litt «oslonoir», men Jan Kjærstad er veldig oppteken av koding, noko som går att i fleire av bøkene hans.

– Det eg likar best er at han blandar røynd med fantasi. Det glir ikkje ut i fantasy og har ei forankring i at det kunne skjedd. Bøkene hans er veldig underhaldande, eksperimenterande og rare.

Mesteren og Margarita (1928) av Mikhail Bulgakov

– Det var bestefar som fortalde om denne boka. Eg las ho eit halvt år etter han fortalde far min om ho, og det er ei av dei beste bøkene eg har lese. Det er mykje galskap og rare ting, som eg likar. Ho er morosam og underhaldande, men ikkje like tung som Tolstoj.

– Ein kan lesa ho med eit stalinistisk kritisk blikk, men om ein ikkje er interessert i det intellektuelle perspektivet kan ein lesa ho på gøy. Det er ein katt med pistol i lomma som berre spreller rundt. Det er det som er gøy, kor mykje kreativt ein kan få av ord på ei blokk. Det er fantastisk skrive!

Fortællingen om Viga-Ljot og Vigdis (1909) – Sigrid Undset

– Det er ein sterk kvinnekarakter, ikkje seksualisert som gjennom film. Den passar for folk som likar fakta og Game of Thrones.

– Det er underhaldning basert på sagaspråket, om ein er interessert i historiske romanar eller noveller. Det er konflikt og eit viktig dilemma, der ein person har opplevd noko traumatisk.

Jonas (1955) av Jens Bjørneboe

– Jonas handlar om ein som hatar skulen. Dersom du er lei skulen, kjem det til å gje deg eit perspektiv frå barna og elevane. Det er ei fantastisk god bok.

Paradis (1997) av Toni Morrison

– Denne las eg nyleg. Når ein er interessert i litteratur følgjer ein litt med på kven som vinn prisar.

– Toni Morrison vann Nobels litteraturpris i 1993 og me hadde nokre bøker av ho heime, mellom anna Jazz og Sangen om Salomn. Paradis hadde eg ikkje høyrt om, men ho overraska veldig og gav utruleg mykje.

– Det byrjar med at nokon skal skyta opp ei kyrkje med ei kult beståande av kvinner, så får ein vete korleis dei hamna der. Fokuset er på å ha eit empatisk blikk på det som hender. Det skjer i sørstatane i USA, men er utruleg sterk lesnad uansett kor du er.


BOKTIPS: Simon Cabot tipsar om fleire gode bokseriar. Foto: Malene Ruhs Langåker / kollasj Framtida.no