Debutforfattar Oliver Lovrenski nominert til Brageprisen
Han kan bli den første debutanten som vinn den gjæve litteraturprisen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag vart årets nominerte til Brageprisen 2023 annonsert.
Blant bøkene i kategorien «Barne- og ungdomsbøker» er tre av dei fire nominerte bøkene skrivne på nynorsk.
Inger Johanne Sæterbakk er nominert for ungdomsromanen Hjartespreng, Frode Grytten med Den dagen Nils Vik døde, Maria Parr er nominert for barneboka Oskar og eg, og Sigmund Løvåsen for diktsamlinga Tusen elgar i garasjen.
Dei to sistnemnde bøkene er gjeve ut på nynorskforlaget Samlaget, medan Sæterbakk si bok er utgjeven på Aschehoug forlag og Grytten på Oktober forlag.
Sjekk heile nominasjonslista lenger ned i saka!
Kan bli første debutant til å vinne i klassen skjønnlitteratur
Brageprisen blir rekna som Noregs mest prestisjefulle litteraturpris, og har som formål å heidre ny, norsk litteratur.
Andre nominerte til årets prisar er anerkjente forfattarar som Vigdis Hjorth med boka Gjentakelsen og Lars Ramslie med Fjellet, geværet, vannet, og dessutan den 19 år gamle forfattaren Oliver Lovrenski.
Han er nominert for den kritikarroste oppvekstromanen Da vi var yngre.
Romanen er debutboka hans. Lovrenski kan difor bli den første debutanten til å vinne Brageprisen i kategorien «skjønnlitteratur» nokosinne.
– Det er jo gøy at det same språket som strauk i norsk, gir nominasjonar til prisar no, sa han til VG onsdag.
Her er dei nominerte til Brageprisen 2023:
Skjønnlitteratur
- Lars Ramslie – Fjellet, geværet, vannet (Forlaget Oktober)
- Frode Grytten – Den dagen Nils Vik døde (Forlaget Oktober)
- Vigdis Hjorth – Gjentakelsen (Cappelen Damm)
- Oliver Lovrenski – Da vi var yngre (Aschehoug)
Sakprosa
- Inga Strümke – Maskiner som tenker (Kagge forlag)
- Anne Sverdrup-Thygeson – Skogen (Kagge forlag)
- Ketil Slagstad – Det ligger i blodet (Forlaget Press)
- Jon Røyne Kyllingstad – Rase. En vitenskapshistorie (Cappelen Damm)
Sakprosa for barn og unge
- Ragnhild Holmås og Henriette T. Osnes – Ordenes hårreisende hemmeligheter (Aschehoug)
- Anna Fiske – Hvordan snakker man om døden? (Cappelen Damm)
- Jannicke Wiik-Nielsen, Dag O. Hessen og Line Renslebråten – Tett på livet i vann (Fontini forlag)
- Kristin Storrusten/Victoria Sandøy – Jeg elsker pinner (Vigmostad & Bjørke)
Barne- og ungdomsbøker
- Maria Parr – Oskar og eg (Samlaget)
- Sigmund Løvåsen – Tusen elgar i garasjen (Samlaget)
- Ragnar Aalbu – Kalde klover (Gyldendal)
- Inger Johanne Sæterbakk – Hjartespreng (Aschehoug)
Prisvinnarane vil bli annonsert under Brageprisutdelinga den 23. november på Vulkan Arena i Oslo.