Statsbudsjettet:
Regjeringa vil halda fram med språkdelte klassar i ungdomsskulen
Regjeringa ønskjer å setja av 41,7 millionar kroner til å halda fram med eigne nynorskgrupper i ungdomsskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I kunnskapsdepartementets forslag til statsbudsjett for 2024/2025 ønskjer regjeringa å setja av 41,7 millionar kroner til å halda fram med prosjektet om språkdelte ungdomsskuleklassar.
Leiar av Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, kallar regjeringa sitt forslag «eit offensivt budsjett for nynorskreform i ungdomsskulen».
– Det tyder på at denne særs viktige nynorskreforma er fullfinansiert, seier Lofnes Hauge.
Forslaget frå regjeringa kjem som svar på den nye opplæringslova.
Elevar i grunnskuleklassar der meir enn 10 av dei ønskjer å ha eiga gruppe for si målform, kan få det. I dag er det berre elevar i barneskulen som kan nytta seg av denne retten. No ønskjer regjeringa å kompensera kommunane til å dekkja meirkostnadar som kjem med å utvida tilbodet til å òg gjelda elevar i ungdomsskulen.
● Les også: Dette betyr statsbudsjettet for deg som ung
– No er det opp til kommunane
Hauge kastar no ballen vidare til kommunane, som er dei som skal setja midlane i spel.
– No er det opp til kommunane å gjera klart for at nynorskelevane som startar i ungdomsskulen komande haust, får halde fram som nynorskelevar, seier Hauge.
Etablering av eigne, språkdelte grupper skal gjera det lettare for elevar å halda fast i hovudmålet sitt lengre. Hauge og Mållaget er optimistiske til effekten desse midlane kan ha.
– Eigne språkgrupper er svært viktige for å hindra språkskifte til bokmål blant elevane, og det er viktig at kommunane startar planlegginga slik at det blir lettare å vera nynorskelev alt frå hausten av, meiner Hauge.