Margit Martinsen bytta skule på grunn av mobbing – etterlyser tydelegare reglar

Talspersonen i Grøn Ungdom trur ho hadde droppa ut av skulen om ikkje det vart heimeskule. Ho etterlyser tydlegare regelverk og eit fråværsreglement som tek høgde for vanskeleg skulemiljø.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg synest det er ganske skakande at tala går opp så drastisk. Mi oppleving er at det verkar som at ein del skuleleiarar og rektorar ikkje veit nøyaktig kva dei kan gjera, kva dei skal gjera og kva dei ikkje kan gjera.

Det seier talsperson i Grøn Ungdom, Margit Martinsen på telefon til Framtida.no.

Kraftig auke i mobbeklager

Førre veke presenterte Dagbladet tal frå Utdanningsdirektoratet som viser ein 62 prosent auke i klager på skulemiljø til statsforvaltarane. I løpet av første halvår i år var det kome 1425 mobbeklager til Statsforvaltaren, mot 886 klager i same periode i fjor.

Kunnskapsministeren er uroa for situasjonen og lovar ei ekstraløyving på 35 millionar over statsbudsjettet for 2024.

Pengane skal gå til auka saksbehandlingskapasitet og førebygging hjå statsforvaltarane (10 millionar kroner), lokale beredskapsteam mot mobbing (15 millionar kroner) og auka deltaking i «Læringsmiljøprosjektet mot mobbing» (10 millionar kroner).

Dette synest Martinsen er gode nyheiter, men ho håpar at regjeringa òg tek med seg saka når dei vurderer den nye opplæringslova.

– Ein ting er at lærarar og rektor må ha tydlegare regelverk og rammeverk rundt korleis handtera mobbesaker. Men det er òg viktig at regjeringa tek det med seg i utforminga av nytt fråværsreglement som skal erstatta fråværsgrensa, understrekar Martinsen.

Ho meiner førsteprioritet i desse sakene bør vera å laga trygge rammer og ein god kvardag for eleven.

Nær ved å droppa ut

Tidlegare i år var Margit Martinsen attende for å halda skuledebatt på den vidaregåande skulen ho måtte bytte frå på grunn av ei mobbesak.

– Eg prøvde å søkja meg til ein annan skule, men det gjekk ikkje på grunn av nærskuleprinsippet i Hedmark. Hadde det ikkje vore for at korona kom i mars 2020 så trur eg at eg hadde droppa ut, fordi eg klarte ikkje under dei forholda å møte opp kvar dag. Eg hadde tynt ut det eg hadde av eigenerklæringar på grunn av migrene, fortel 21-åringen.

Ho opplevde at både lærarar, helsesjukepleiar og rektor gjorde alt dei kunne, men at dei var usikre på kva tilrettelegging dei hadde lov og ikkje lov til å gi.

– Det handla òg om tilsnakk og sanksjonar mot den som skapar eit utrygt skulemiljø. Det var ikkje moglegheit til anna enn å gje ei åtvaring, i alle fall så lenge eleven er over 18 år.

Krevjande saker

Nestleiar i Skolelederforbundet, Mona Søbyskogen, peikar på at det er ein kompleks situasjon og at forventningane og oppdraget til skulen i ulike saker stadig veks.

– Eg tenkjer at rektor har eit stort ansvar for å sikra god dialog med elev og foreldre slik at ein unngår misforståingar og at ein sit med kjensla av å ikkje bli tatt på alvor. Statsforvaltaren som tredjepart gjer av og til sakene vanskelegare og løftar dei opp eit hakk. Nokre gonger er det naudsynt, andre gongar gjer det at ein må bruka verdifull tid på å jobba tilbake i tid og dokumentera.

Søbyskogen har sjølv opplevd å stå i slike saker som skuleleiar og meiner denne prosessen kan ta knappe ressursar frå arbeidet med å løysa den aktuelle saka.

Nestleiar i Skolelederforbundet, Mona Søbyskogen, meiner førebyggjing og eit godt lag er viktige for å handsama mobbesaker. Foto: Privat

9A – mobbeparagrafen

  • Kapittel 9 A i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) handlar om «Elevane sitt skolemiljø».

  • Lova slår fast at «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.»
  • I 2017 innførte regjeringa ei ny aktivitetsplikt, som inneber at alle som jobbar på ein skule pliktar å varsla rektor om ein mistenkjer at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
  • Skulen skal då innan kort tid laga ein skriftleg plan for kva tiltak som skal setjast i verk.
  • «Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er teken opp med rektor. Statsforvaltaren skal avgjere om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 er oppfylt».

 

– Mange skular har gode strukturar og er einige om kva ein legg i omgrepa og det å jobba førebyggjande. Det å jobba førebyggjande er alfa og omega, saman med medverknad.
Skulen må sikra at alle elevar opplever tilhøyrsle og har ein god plass i fellesskapet.

Søbyskogen peikar på at sakene ofte er krevjande fordi den eine parten sine rettar kan koma i konflikt med den andre og utløysa nye 9A-saker.

I 2017 vart den såkalla mobbeparagrafen i Opplæringslova med ei aktivitetsplikt som inneber at skulen raskt skal undersøkja saka og leggja planar for vidare oppfølging dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. I sommar vedtok Stortinget ei ny Opplæringslov, der Statsforvaltaren ikkje lenger har ansvar for å forma ut tiltak skulane skal gjennomføra ved brot på aktivitetsplikta.

Søbyskogen peikar på eit underskot på ressursar og eit behov for enno meir kompetanse i skulen til å handtera slike saker og at miljøarbeidarar, barnevernspedagogar og andre yrkesgrupper er veldig nyttige i det sosialpedagogiske arbeidet, som ofte òg inneber psykisk helsearbeid.

– Det er utruleg viktig at det blir sett av ressursar til førebyggjande arbeid i skulen, mykje meir enn sakshandsaming. Førebygging er mykje betre enn å reparera og gå etter i saumane. Det går på robuste personalgrupper og at ein har nok vaksne rundt desse borna. Brenna har sett ned eit utval som skal sjå på «laget rundt eleven» for å konkretisera omgrepet og kva det inneber, noko eg ser fram til å vera med på.

Utdanningsforbundet: – Moglegheit til å gripa inn

– Det er bra at mobbesaker kjem fram og at elevar som føler seg krenkt eller mobba får saka si prøvd. Samstundes må me syta for lærarane sin rettstryggleik i klasseromma og at dei har moglegheit til å gripe inn til det beste for læremiljøet.

Det seier Thom Jambak, styremedlem i Utdanningsforbundet.

Han trur at auken i talet på mobbesaker både handlar om auka merksemd kring mobbing og at terskelen kan ha gått ned for å melde ifrå.

– Det kan vera bra at det er ein låg terskel, men det kan bli problematisk korleis ein behandlar kva som er mobbing og kva som er ei krenking etter paragraf 9A, seier Jambak.

Thom Jambak, lærar og styremedlem i Utdanningsforbundet. Foto: Privat

Han understrekar at mobbing alltid er uakseptabelt og at læraren alltid skal handla til elevens beste, for å sikra elevane eit godt læringsmiljø.

Han gler seg over at ein i forarbeidet til den nye Opplæringslova har drøfta krenkingsomgrepet grundigare og slått fast at det er objektivt og avhengig av eit heilskapsomgrep.

– Me hadde episodar der fagleg usemje eller vurdering av elevprestasjonar vart opplevd som ei krenking, men eg trur me er forbi det no, seier Jambak.

Han peikar på at ein kan oppleva seg krenkt av irettesetting, men er oppteken av at lærarane må ha rom til å gripa inn for å sikra eit godt læringsmiljø, òg utover heilt akutte situasjonar.

Flytte mobbaren

Martinsen tykkjer det verka som om skulen var litt verkemiddellause.

– Så lenge eg har gått på skulen har ein snakka om at det er mobbar og ikkje mobbeoffer som skal bytta skule, men det har eg ikkje sett noko til verken i mi sak eller i media.

– Er det ei god løysing å flytte mobbaren til ein annan skule?

– I nokre tilfelle trur eg det kan vera det, men ein annan ting ein kan gjera kan vera å omrokkere på klassane, seier Martinsen, som peikar på at dette er eit mildare tiltak.

Ho trur òg kommunale eller regionale team som varetek mobbeoffer kan vera ei løysing.

Ungdomspolitikaren trur at auken i mobbetal kan ha samanheng med ein meir rotete skulekvardag under korona, og håpar på fleire ressursar som kan undersøkja årsakene.

Margit Martinsen fotografert på vidaregåande. Foto: Privat

Sjølv opplevde ho at hennar eiga mobbesak vart løyst fint, sjølv om ho ikkje er upåverka i møte med den gamle skulen.

– Eg var litt stressa før eg drog tilbake. Særleg etter eg flytta, fekk eg litt klump i halsen kvar gong eg var tilbake. Men det var veldig fint å vera der. Det var masse elevar som var innom standen og hadde genuine politiske spørsmål og meldte seg inn. Eg har ikkje tala for alle vidaregåandeskulane, men eg trur det var den skulen me verva mest på, avsluttar Martinsen.