Ny studie: Klar samanheng mellom bruk av snus og fleire former for dødeleg kreft

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 21:09

Risikoen for kreft i matrøyret er over tre gonger så høg, og risikoen for bukspyttkjertelkreft er dobbelt så høg hos snusarar enn hos andre, viser ein ny studie.

Det melde NRK fredag.

studien kjem det fram at det berre er for dei to krefttypane at forskarane har meir enn låg tillit til kva tala viser. Faren for matrøyrskreft blir tredobla frå 0,016 prosent til 0,055 prosent og faren for kreft i bukspyttkjertelen blir dobla frå 0,072 til 0,15.

Vedøy poengterer at det er snakk om små storleikar. Om auken er signifikant eller ikkje, avheng av kor strenge kriterium ein set ettersom feilmarginen kan bli stor med så små tal.

– Det har å gjere med kor streng ein er med statistisk samanheng. Hadde ein vore litt strengare, hadde mange av samanhengane forsvunne, seier Vedøy.

– Høgare og høgare dødelegheit

Studien er utført av Folkehelseinstituttet, Kreftregisteret og Statens arbeidsmiljøinstitutt. Dei har gått gjennom tidlegare snusstudiar og sett på 15 av dei.

– Vi ser jo at akkurat for dei studiane som vi har, så følgjer desse kreftførekomstane mage- og tarmkanalen, seier lege og forskar Bendik Brinchmann til NRK.

– Det vi også ser igjen og igjen, er at dødelegheita av kreften viss du får han og snusar, blir høgare, legg han til.

Også for dødeleg kreft er tala små. Risikoen aukar frå 2,14 prosent til 2,39 prosent for snusarar.

– Best å ikkje snuse

FHI-forskar Tord Vedøy seier snusrapporten bruker gamle tal og at tala er små. Men det er best å ikkje snuse, seier han.

– Det er ein heilt grei studie, og det blir gjort mange av dei. Dei viser mykje av det same fordi det er den same underliggjande gruppa ein ser på igjen. Det blir litt indirekte og eg trur ikkje ein skal feste seg altfor mykje ved sjølve talet, seier FHIs seniorforskar Tord Vedøy til NTB.

Han seier det er to leirar i forskinga på nikotin- og tobakksprodukt. Dei som meiner ein ikkje skal bruke nokon ting, og dei som meiner ein skal sjå på kva tobakksprodukt som har minst risiko.

– Det beste er å ikkje snuse, så har vi jo debatten om ein kanskje bør leggje til at viss du røykjer og ikkje klarer å slutte, så er det kanskje betre at du snusar, seier Vedøy.

Illustrasjonsbilete: Colourbox.com

Stort puslespel

Han legg til at det for nokre kan vere vanskeleg å slutte, medan andre kanskje har personlege grunnar til å ønskje å bruke tobakksprodukt.

– Det er del av eit stort folkehelsepuslespel, seier Vedøy.

Fleire har teke til orde for meir ny snusforsking. I studiane som har vorte sett på i den nye studien, er det i stor grad ei gruppe svenskar frå 1980-talet som er utgangspunkt for tala. Vedøy seier at han meiner det mellom anna er eit problem at snusen som er på marknaden no, ikkje er den same som var på marknaden då.

Snusprodusenten Skruf seier dei så langt ikkje ønskjer å kommentere funna i studien.

Fleire unge snusar

Andelen unge som snusar, har auka veldig dei siste tiåra. Spesielt andelen unge kvinner.

– I 2005 var det 1 prosent av unge norske kvinner som oppgav at dei snusa. No er andelen opp mot 20 prosent, seier Brinchmann. 

Han meiner det er særleg viktig at kvinner i alderen til 25 til 34 år, som er dei som snusar mest, kjenner til risikoen ved å snuse når dei er gravide.

– Når det gjeld svangerskap, så er vi veldig overtydde om at nikotin er problematisk for fosteret, seier forskaren.


Anabole steroid blir ofte brukt for å oppnå ein meir muskuløs kropp, eller for å forbetre idrettsprestasjonar. Illustrasjonsfoto: Colourbox