Ny undersøking: Nesten éin av tre likar dei «stygge» snusboksane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i 2015 lanserte helseminister Bent Høie den nye tobakk-emballasjen, som skulle gjera det mindre attraktivt for barn og unge å røyke og snuse. Forslaget vart vedteke i Stortinget året etter.

Endringane var inspirert av Australia, som innførte nøytral tobakk-emballasje allereie i 2012.

«Verdas styggaste farge»

Helsedirektoratet leigde inn marknadsføringsbyrået GfK Bluemoon for å finna «verdas styggaste farge». Dei gjennomførte sju studier med over 1000 røykarar og valet fall på Pantonefarge 448C, ein brungrøn farge.

Frå og med 1. juli 2018 måtte alle snus og røykpakkar i Noreg ha den nye fargen og den same nøytrale skrifta.

Nettavisen har fått innsyn i ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet.

I undersøkinga svarar 30 prosent at dei likar dei nye snusboksane «veldig mykje» eller «ganske mykje», medan berre 20 prosent svarte det same om dei gamle snusboksane.

Kva synest du om utsjånaden til dei «nye» snusboksane?

Kva synest du om utsjånaden til dei «nye» snusboksane?

Nydeleg! Dei er smarte og stilreine60
Dei er keisame, men elles ok12
Fargen er motbydeleg!7
Veit ikkje4
Svar totalt: 83

Forskar: – Ikkje teikn til auka snusbruk

Ingeborg Lund er ein av forskarane som har jobba med undersøkinga. Ho meiner det er for tidleg å seie noko om effekten av dette tiltaket

– Det blir heller ikkje riktig å sjå på effektar på snus isolert sett. Vi kan ikkje sjå nokon teikn til auke i omfanget av snusbruk frå 2017 til 2018 i tala våre, og eg trur heller ikkje at nokon har hatt forventningar om kortsiktig målbare endringar i bruk, seier Lund til Nettavisen.

Forskarane har gjennomført til saman fire undersøkingar, to med 1.200 ungdommar i alderen 16–21 år og to undersøkingar med vaksne med meir enn 2.500 respondentar.

Snusboksane som tidlegare vart vurdert som mest «attraktive», Nick & Johnny, vert no vurdert som like fine som dei som tidlegare kom dårlegare ut.

Snusmerka General, Lab og Skruf vert alle vurdert som finare etter at dei nye snusboksane kom.