logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Tre av fire elevar valde å annullere karakteren i skriftleg norskeksamen etter tekniske problem på eksamensdagen. Illustrasjonsfoto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

Tre av fire vidaregåandeelevar valde å annullere norskeksamen

Av 32 500 elevar var det berre 9054 som fekk karakter i faget.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 24.08.2023 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire elevar valde å annullere skriftleg eksamen i norsk hovudmål for studieførebuande i vidaregåande skule.

Årsaka var innloggingsproblem på eksamen 22. mai i år, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Då vart det opna for at alle elevar i vidaregåande skule som vart ramma av dette, kunne få høve til å annullere eksamen og få dispensasjon frå kravet til talet på eksamenar på vitnemålet.

Annullering auka snittet

32 500 elevar skulle ta eksamen, men ifølgje Utdanningsdirektoratets oversikt var det berre 9054 som fekk karakter i faget.

Karaktersnittet i norsk hovudmål var på 3,6 i skuleåret 2022/2023, men tek ein omsyn til annulleringane stig snittet til 4,2.

Andelen elevar som har fått karakteren 5 eller 6 er over 40 prosent, som er over dobbelt så stor del som for tilsvarande eksamen i 2018/2019.

Jentetrend held fram

Samtidig held trenden fram med at jenter får betre karakterar enn gutar i dei aller fleste faga.

Gutar har betre karakterar enn jenter i kroppsøving i andre og tredje klasse og to matematikkfag for yrkesfag. I desse fire faga ligg snittet til gutane 0,2 over jentene sitt.

Covid-19 førte til nedstenging av skulane, og derfor har dei fleste elevane i vidaregåande skule hatt få eksamenar og ein del heimeundervisning dei siste åra. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

I fellesfaget samfunnskunnskap, som har flest elevar, har jentene gjennomsnittskarakteren 4,5 og gutar 4. I dei fleste av dei store fellesfaga er forskjellen mellom snittet til gutane og jentene mindre enn dette, men det er berre i historie vg3 påbygg at gutane og jentene har same snitt med 4,1.

Første post-covid eksamen

Det er første eksamen på fire år at alle eksamenar vart haldne for elevar i vidaregåande skule.

På grunn av koronapandemien har undervisningssituasjonen vore ekstraordinær med ein del heimeundervisning og fleire eksamenar har vorte avlyst.

Det er også innført nye læreplanar med ny struktur og endra kompetansemål.


  • Les også Noa (18) om eksamenstrøbbel: – Ganske stressande
Ung mann framfor skulepultar.

Kollasj av Framtida med eksamenslokale på Åssiden Videregående skole før eksamen i norsk blir gjennomført og Noa Størksen Strandhagen (18). Foto: Frederik Ringnes / NTB, privat

  • SKULE OG JOBB
  • Eksamen
  • Karakterar
  • Vidaregåande skule
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Per Gjermund (17) er ikkje redd for å fortelja om dysleksien i jobbsøknadar

Rekordmange søkjarar til yrkesfag

Mikkel (16) har tre fulle arbeidsdagar i veka

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT