Framtida
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

– Folk trur det einaste vi er ute etter er å vere vanskelege og lenkje oss fast i ting, skriv Klimentina Radkova i ein e-post til Framtida.no.

Ho trur det kan vere lett å miste motivasjonen når ein arbeider med klima og miljø.

På rett stad til rett tid

Radkova fekk jobben som fagrådsgjevar i Greenpeace Norge i mars 2022, berre tre månadar etter levert masteroppgåve i Folkerett ved Universitetet i Oslo. Før dette tok ho ein bachelor i Internasjonal og europeisk rett ved Universitetet i Haag.

– Sjølv om draumen min var å jobbe med søksmål hos ein miljøorganisasjon, visste eg at det var svært urealistisk å få draumejobben allereie som første «vaksenjobb».

Både hardt, målretta arbeid og ein del flaks var med på å gjere draumen hennar reell.

– Eg trur mitt tilfelle var eit klassisk «på rett stad til rett tid».

Demonstasjonestog. Folk går med skilt.

Å delta på demonstrasjonar er ein del av jobben for Klimentina Radkova. Foto: privat

Radkova har allereie vore prosjektleiar på to klimasøksmål mot den norske stat, med Greenpeace som saksøkar. Men det var ikkje aktivismen som var inngangen hennar i jobben.

– Det var gjennom jussen og interessa mi for korleis vi kan bruke jussen til vår og planeten sin fordel, forklarar ho.

Eit mistydd yrke

Fagrådsgjevaren forklarar at den varierte kvardagen og kjensla av å gjere noko med meining er det beste med arbeidet.

– Ein jobbar kvar dag med folk som er like engasjert som ein sjølv. Det er ei god kjensle.

Arbeidsdagane ser ikkje alltid like ut. Mykje tid går i research, e-postar, møter og planlegging. Men som fagrådsgjevar har ho også eit ansvar om å fremje kampanjar offentleg.

– Eg skriv ein del kronikkar, postar på sosiale medium og er ute i gatene og demonstrerer. Planlegg eller gjennomfører vi aksjonar, ser dagane heilt annleis ut.

Les også: Ungdommar vinn klimasøksmål i Montana

Radkova trur folk kan sitje med misoppfatningar av yrket hennar.

– Eg trur det finst folk som trur det einaste vi er ute etter er å vere vanskelege og lenkje oss fast i ting.

– Vi jobbar på mange ulike måtar, og dette inkluderer sivil ulydnad. Men det er heller ikkje den einaste måten vi jobbar på.

Fordel å skilje seg ut

– Å jobbe med klima og miljø er ein konstant oppoverbakke og det kan vere lett å miste motivasjonen, fortel 26-åringen.

Ho synest motstand frå politikarar og selskap er ei stor utfordring i jobben.

– Vi er heldigvis ein engasjert gjeng som jobbar med dette, og vi har ikkje noko anna val enn å fortsette den viktige kampen.

Les også: Greenpeace og Natur og Ungdom går til nytt klimasøksmål mot staten

Klimentina fortel at jobben hennar er krevjande arbeid. Om ein ønskjer å sikte mot denne jobben, meiner ho derfor det er viktig å arbeide hardt og vise engasjement.

Ho trur også at å ha ulik bakgrunn enn andre kan vere ein fordel.

– Eg skilde meg ut i intervjuprosessen, fortel Radkova, som sjølv kom frå ein heilt annan bakgrunn enn resten.

Klimentina har ein variert kvardag, og har blant anna gjesteforelese hos NMBU. Foto: privat

Radkova meiner at det ikkje finst ei førehandsbestemt oppskrift på ein slik jobb.

– Det er viktig å hugse at miljørørsla og klimakampen har behov for alle slags folk med forskjellige utdanningar, erfaring og bakgrunn.

Ho trur at ein god stad å starte er å melde seg som frivillig i ein organisasjon ein er interessert i.

Bratt læringskurve

Utdanninga Radkova tok i Haag og Oslo gav henne ein god introduksjon i korleis det er å arbeide med tøffe tema.

– Eg lærte mykje om sjølve jussen. Det gjorde at eg fekk stor interesse i klimasøksmål og god forståing om kvifor dette er eit viktig reiskap i klimakampen.

Likevel fortel ho at å vere med å fremje eit klimasøksmål er noko heilt anna enn å lese og skrive om det. 

– Éin ting som er heilt sikkert er at eg har hatt ei veldig bratt læringskurve, og føler at eg lærer nye ting nesten kvar dag.


Les også: Yrket mitt: Henrik (31) er kommunikasjonsrådgjevar

Mann i kontorlandskap

Henrik Kyte Assmann er utdanna siviløkonom, men likte best delen som handla om strategi og leiing. Han trivst godt i jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Nye Veier: Foto: Privat