Henrik Kyte Assmann er eigentleg utdanna siviløkonom, men trivst godt i ein variert arbeidskvardag som kommunikasjonsrådgjevar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utdanning var for meg eit papir på at eg har høyrd på akademikarar, lese teori og møtt opp på eksamen. Den beste utdanninga eg har, er friviljug arbeid i studentforeininga, deltidsjobben på Handelhøgskulen og eigne prosjekt innan frilans tekst og foto.

Det skriv Henrik Kyte Assmann i ein e-post til Framtida.no.

31-åringen frå Valle i Setesdal jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Nye Veier, trass i at han er utdanna siviløkonom.

På elsykkel gjennom Noreg

Kommunikasjonsrådgjevaren fortel at ein elsykkeltur langs heile Noreg for å marknadsføra berekraft var det som tente kommunikasjonsgnisten.

– For meg stemmer klisjeen om at utdanning handlar mest om «å lære for å lære».

Etter prestisjestudia som siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) og ein master i strategi og leiing fekk Assmann jobb i Trainee Sør.

– På halvtanna år fekk eg jobba seks månader i tre ulike selskap. Først med digitalisering på Universitetet i Agder, deretter med marknadsføring i Kilden teater og konserthus, og så til slutt i Nye Veier med kommunikasjon.

Gradvis fann traineen ut at kommunikasjonsfaget var svært motiverande og ein stad han fekk bruk for utdanninga innan strategi og leiing.

– Dessutan fekk eg mykje bruk for interesser eg har dyrka gjennom hobbyar som konsertfotograf, skribent og formidlar.

Meistring og variasjon

Assmann fekk meistringskjensle og lærte mykje med god rettleiing frå leiar og kollegaar i Nye Veier.

– Vi er eit lite selskap, og kvar person betyr mykje, skriv 31-åringen.

I løpet av ei arbeidsveke har han gjerne tre dagar på kontoret. Då skriv han pressemeldingar, førebur presentasjonen administrerande direktør skal halde for Samferdselsministeren, og arbeider med å kommunisera alt Nye Veier gjer på berekraft – utan å grønvaska.

Dei to andre dagane i veka er han gjerne ute på oppdrag.

Kommunikasjonsjobben inneber òg å visa unge korleis eit anleggsprosjekt ser ut. Her er skuleelevar på Monan bru på E39 i september 2021. Foto: Henrik Kyte Assmann, Nye Veier

– Ein av dagane sit eg som referent i Nye Veier si leiargruppe – ei oppgåve som krev at eg forstår breidda i selskapet – men også får svært nyttig overblikk over kva som rører seg i organisasjonen. Den siste arbeidsdagen freistar eg å vera på reise – anten til eit vegprosjekt, eit kurs, eller for å jobba saman med kollegaar på eitt av våre andre kontor, skriv Assmann.

– Meir sivil enn økonom

Rolege veker blir brukt til å utvikla seg innan faget, då særleg politisk forståing, som er noko han drøymer om å jobba meir med.

– Eg høyrer på podkastar, radio og følgjer med på mediebildet, òg utanfor eigen bransje.

I løpet av utdanninga gjorde Henrik Kyte Assmann det betre i strategi, leiing og organisasjon enn rekneskap.

– Eg fann altså ut at eg var mykje meir sivil enn økonom. Heldigvis er økonomifaget svært breitt, og kvar person kan finne si eiga nisje. Økonomar treng altså ikkje å bli konsulent eller revisor – det er mange andre yrke der forretningsforståing er nyttig. Og det er med menneske som med pengar: Avkastninga vert større når du diversifiserer.

Dynamisk arbeidskvardag

Den økonomiutdanna kommunikasjonsrådgjevaren hadde aldri forventa at han skulle spela så mykje trommer i arbeidslivet, og kosar seg i bedrifta sitt husband.

– På den faglege fronten svarar kommunikasjonsfaget til forventningar om ein dynamisk arbeidskvardag. Ein arbeidsdag består både av førebudde arbeidsoppgåver og situasjonar som må handterast på kort varsel. Det er både sprint og maraton.

– Det er svært motiverande å skapa ein raud tråd mellom utfordringar og løysingar, skriv Henrik Kyte Assmann. Foto: Privat

Den mest utrulege kommunikasjonsrådgjevaren har opplevd på jobb var då han var konferansier på Nye Veier si tilsettsamling.

– Selskapet hadde nettopp gått gjennom eit år med prisvekst som påverka heile byggenæringa, og eg visste at fleire tilsette i salen syntest at det var tungt at prosjektet deira vart sett på pause. Som konferansier var eg opptatt av å adressera utfordringane og møte tilskodarane i den arbeidskvardagen dei stod i. Samstundes var mi rolle også å begeistra og skapa ny giv, skriv Kyte Assmann.

Kommunikasjon av sol- og skuggesider

Kyte Assmann set pris på å jobba med kollegaar som vil noko, og som vil jobba i same retning.

– Eg trivst godt med å jobba mellom kommunikasjonsfolk, ingeniørar, økonomar, juristar og miljørådgjevarar. Dessutan set eg stor pris på å jobba i Noregs største gründerselskap, der visjonen er å flytte grenser og skapa endring. Nye Veier har endra norsk samferdsel – ikkje minst ved at både vi og Statens vegvesen no gjer at du får igjen meir for skattepengane dine.

Den største utfordringa erkjenner kommunikasjonsrådgjevaren er at han jobbar i ein bransje der aktiviteten fører til klimagassutslepp og arealinngrep, der òg trafikktryggleik, distriktsvekst og framkjømd speler inn.

– Min jobb handlar derfor om å forstå og kommunisera solsidene ved å bygga veg, kva som er skuggesida, og korleis vi kan gjera skuggesida så lita som mogleg. Dessutan er det sentralt å skapa riktige forventningar hjå våre interessentar.

Henrik Kyte Assmann er òg oppteken av det visuelle, her har han framstilt fleire sider av arbeidskvardagen i eitt bilete. Foto: Privat

Intern brannslokkar

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Eg registrerer at enkelte stemmer taler for at kommunikasjon handlar om å vri fakta til fordel for seg sjølv. Samstundes trur eg at manglande transparens – og i verste fall direkte løgn – straffar seg i lengda. Berre det at sportsvasking og grønvasking står på listene for årets nyord, betyr at kommunikasjonsfolk ikkje kan strø om seg med glitter og glansbilete, skriv Kyte Assmann.

– Internt i Nye Veier trur eg at kommunikasjonsrådgjevaren i nokre tilfelle kan oppfattast som ein brannslokkar dersom det skulle oppstå ei krise. Vi øver derfor mykje på å unngå kriser, men også på krisehandtering om ein situasjon skulle oppstå, til dømes eit ras på ein av våre vegar.

Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Kyte Assmann fotografert under refleksdagen, då han fekk leike superhelt og saman med selskapet Nye Veier dela ut 1000 refleksar landet over. Foto: Privat

Lytt til magekjensla

– Mitt tips til unge som skal velja yrke, er å lytta mest til magekjensla, men også litt til fornufta om du ønskjer stabilitet. Ikkje alle kan bli rockestjerner, men ikkje alle bør velja det trygge heller. Spesielt begeistra er eg for dei som tørr å satsa for seg sjølv. Heia mangfald!

– Kven passar yrket for?

– No er eg økonom som likar betre å skrive enn å rekna, men eg kan anbefala økonomi til deg som ynskjer å halde dørene opne litt lenger. Eit minimum for økonomar er at du arbeider godt saman med andre og kan tileigna deg ny kunnskap. Det same gjeld i kommunikasjonsfaget.

Han anbefaler kommunikasjon til deg som klarer å sette deg inn i andre sin situasjon, og klarer å vareta deira behov.

– Du må meistra tekst, helst kunne foto og video, og du bør kunne gje råd og tørre å kome med anbefalingar. Kommunikasjon handlar også om makt – makt til å eige sanninga – og med det følgjer eit ansvar.

Læreviljug og ansvarleg formidlar

Om du finn glede i halvparten eller fleire av punkta i lista under, vil Assmann anbefala kommunikasjonsfaget.

– I grunnen handlar det om å vera læreviljug, kunne formidla, og opptre ansvarleg.


Tips til unge vaksne som vurderer ein kommunikasjonsjobb:

  • Les minst ei avis kvar veke.
  • Lytt til podkastar om tema som engasjerer deg.
  • Skriv og publiser eit lesarinnlegg om noko som opptek deg, til dømes i Si ;D eller i ei studentavis.
  • Prøv ut foto og video – og rediger innhaldet.
  • Finn ei politisk sak, set opp argument for/mot, og skriv kva DU meiner om saka.
  • Snakk med folk, forstå kva som engasjerer dei, og fortel historia med same engasjement til ein annan.
  • Delta i ein panelsamtale eller debatt.
  • Snakk med nokon som jobbar med kommunikasjon.

 LES OGSÅ: Yrket mitt: Kyrre (32) dekkjer krigen i Ukraina

Journalist og fotograf Kyrre Lien rapporterer frå sør-Ukraina. Foto: Kyrre Lien, VG

Henrik Kyte Assmann

Alder: 31 år

Frå: Valle i Setesdal, bur no i Kristiansand

Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar

Utdanning: Norges Handelshøyskole (NHH), siviløkonom, master i strategi og leiing.