Kraftig vekst for gjenbruksbutikkar

Gjenbruksbutikkar over heile landet opplever stor pågang. Aukande rente og høgare prisar på mat og andre varer kan vere årsaka.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist torsdag opna NMS Gjenbruk i Førde ei ny avdeling. Utanfor butikken var det lang kø, og fleire av dei sa til NRK Vestland at økonomi er ei viktig årsak til at dei møtte fram. NMS Gjenbruk har tredobla omsetninga dei siste ti åra.

Dagleg leiar i NMS Gjenbruk, Siri Bloch Lindtveit, merkar at fleire har dårlegare råd no, og ho fortel at det er stor etterspurnad etter brukte klede. Men mange av dei som kjem for å kjøpe klede, også finn andre varer i butikken som dei kjøper.

Gjenbrukskjeda, som er ein del av Det Norske Misjonsselskap, med 52 butikkar rundt om i landet, er 25 år i år.

Frelsesarmeen si gjenbrukskjede Fretex hadde i 2022 ein auke i salsinntektene på over 30 millionar kroner samanlikna med året før.

Regjeringa sende i juli ut eit forslag ut på høyring om å avvikle brukthandellova.

– Pliktene som dei næringsdrivande blir pålagde gjer det vanskelegare å selje gammalt enn å selje nytt. Det er ikkje berekraftig, og det er ikkje greitt, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) då.


Kvinne fikser ei utstilling midt på golvet i ein butikk

Marianne Skjemstad, medarbeidar ved Fretex Majorstuen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK