Unge krev betre forbrukarvern og styrkt rettstryggleik
Barn og unge fremjar ei rekkje krav for barne- og familieministeren under Arendalsveka. Blant dei er betre forbrukarvern og styrkt rettstryggleik på internett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er viktig at barn og unge blir spurde og lytta til når det skal utviklast tilbod, tenester og lovverk som gjeld dei, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Som ei oppfølging av strategien for trygg digital oppvekst, som vart lagt fram av regjeringa i 2021, leier Medietilsynet arbeidet med å lage ein handlingsplan for å koordinere den offentlege innsatsen på området. I samband med dette er det oppretta eit eige ungdomsnettverk, som bidreg i arbeidet.
- Les også: Medietilsynet: Nesten halvparten av innhaldet frå dei mest populære influensarane er reklame
Seks krav
– Politikarane er nøydde til å lytte til barn og unge for å komme fram til tiltak som treffer betre. Politikarane må utvikle nye metodar og kanalar for medverknad, og ikkje minst prioritere pengar til desse prosessane, seier leiar Maja Enerhaug Egge i ungdomsnettverket.
Medietilsynets ungdomsnettverk, som mellom anna består av Press – Redd Barna ungdom og Skeiv Ungdom, har no komme fram til seks konkrete krav som ungdommane meiner er viktige for ein tryggare digital oppvekst.
Krev styrkt rettstryggleik
Eitt av forslaga er å etablere eit kompetanse- og ressurssenter der barn, foreldre og vaksne som jobbar med barn, kan få nyansert informasjon om forhold som påverkar den digitale kvardagen.
Vidare foreslår nettverket mellom anna eit styrkt digitalt forbrukarvern for barn, slik at barn kan vernast mot skadeleg innhald og utnytting. Nettverket krev også at rettstryggleiken for barn blir styrkt ved at barn får tilgang og høve til å rapportere og varsle når dei opplever noko som ikkje er greitt.
Krava blir overleverte til barne- og familieministeren under Arendalsveka onsdag 16. august.