10 ting du må vite om studielån og stipend

Kor mykje kan du få i lån, kva er rentesatsen – og kva finst eigentleg av stipend? Svara får du her.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desse dagar får titusenvis av norske studentar beskjed om dei har fått studieplass eller ikkje. Så snart du veit om du har kome inn, bør du også søkje lån, rår kunderettleiar i Lånekassen, Annbjørg Leden Nytrøen (30):

Kvinne med blondt hår i ein blå genser.

Kunderettleiar i Lånekassen, Ambjørg Leden Nytrøen (30). Foto: Heidi Molstad Andresen/ NPK

– Somme synest det er vanskeleg å fylle ut skjema og er redde for å gjere feil. Det treng ein ikkje vere. Det viktigaste er at folk søkjer så snart dei kan, og så kan ein heller rette opp om det skulle vere noko seinare, seier ho.

Ein stor del av dei som tek kontakt tidleg, har ofte gjort ting rett og sit på svaret sjølv, fortel Nytrøen. Andre, som til dømes er blitt gravide eller sjuke under studia og føler at ting har hopa seg opp, ventar gjerne lenger.

Det er særleg dei som har behov for litt ekstra oppfølging som bør ta kontakt tidleg om det er noko dei ikkje finn svar på på nettsidene deira.

For det er ein del ordningar å sette seg inn i:

– Det finst stipend for dei er over 30 år, for dei som har barn under 16 år og for dei med funksjonsnedsetting som hindrar dei i å jobbe ved sida av studia. Det finst og særskilde lån til skulepengar for dei som studerer privat eller tek nettstudium.

– Me har i tillegg sjukestipend, som er ei form for sjukepengar for studentar der lånet i sjukeperioden blir omgjort til stipend. Når lånet skal tilbakebetalast, finst det også gunstige ordningar med å få delar av lånet ettergitt for visse yrkesgrupper i einskilde geografiske område.

Gunstig rente

Blond kvinne i blå genser ved datamaskin.

Tilsette i lånekassen hjelper dei som ringer for å oppklare kva dei har rett på. Foto: Heidi Molstad Andresen/ NPK

På kundesenteret hjå Lånekassen er dei rundt 50 tilsette som er klare til å hjelpe dei nye lånesøkjarane – i tillegg til dei 434.000 kundane som studerer no og dei 770.000 som er i gang med å betale attende på lånet sitt.

Renta hjå Lånekassen følgjer marknaden. Ho tek utgangspunkt i rentesnittet hjå dei fem bankane som har dei beste bustadlåna, og legg seg deretter 0,15 prosentpoeng under dette. Akkurat no er renta på 3,66, og skal opp til 3,94 frå 1. september, fortel Annbjørg Leden Nytrøen.

– Studielån er eit gunstig lån. Men det er framleis eit lån. Så i tillegg til å leve og nyte i studietida – for det skal ein jo – kan det vere verdt å ha i bakhovudet at lånet også skal betalast attende.

10 tips:

Søk så raskt som mogleg

Du kan søke lån på lanekassen.no når du har fått studieplass. Søk så raskt som mogleg, slik at du kan få pengane til studiestart. Søknadsfrist for heile året og berre haustsemesteret er 15. november. 15. mars 2024 er fristen for vårsemesteret.

Hugs å registrere og melde deg

For å få utbetalt pengane, må du registrere deg for semesteret, melde deg opp til eksamen og signere avtalen med Lånekassen. Det gjeld eigne reglar for privat høgskole og nettundervisning.

Dette kan du få

Du kan få inntil 137.907 kroner i basislån studieåret 2023–2024. Studentar i Noreg får ei større utbetaling ved studiestart og deretter pengar den 15. kvar månad.

Dette blir til stipend

Inntil 40 prosent av lånet kan seinare bli gjort om til stipend; om du bur borte frå foreldra dine, har inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser og består utdanninga.

Grense for inntekt

Inntektsgrensa for 2023 er 205.579 kroner. Du kan ikkje tene meir enn dette dersom du har fått støtte for heile året. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare. Du mister ikkje heile stipendet om du tener litt meir enn grensa, men det blir gradvis redusert etter kor stor inntekt du har hatt. Det er eigne grenser for formue.

Fleire ordningar

Du kan ha rett til andre typar lån og stipend i tillegg til basislån, om du til dømes er over 30 år, betaler skolepengar, har barn eller nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga. For dei som har barn under 16 år, finst det eit eige barnestipend.

Avbroten utdanning

Dersom du avbryt utdanninga, må du gi Lånekassen beskjed slik at dei kan stoppe utbetalingane. Du må og gi beskjed om du bestemmer deg for å ta fleire eller færre studiepoeng. Om du byter lærestad etter at du har søkt om lån og stipend, må du søke på nytt, sjølv om du allereie har fått svar på søknaden.

Du kan få sjukestipend

Blir du sjuk i meir enn to veker, kan du få sjukestipend. Då blir lånet ditt gjort om til stipend for den perioden du er sjuk. Du kan maksimalt få sjukestipend i 4 månader og 15 dagar i løpet av eit studieår. Du må ha søkt om vanleg lån og stipend før du blei sjuk.

Åtte år med støtte, men pass på krava

Du kan få støtte til å ta til saman 480 studiepoeng. Det svarar til åtte år med fulltidsutdanning. Du kan vere forseinka med inntil 60 studiepoeng. Er du meir forseinka, har du i utgangspunktet ikkje rett til lån og stipend, og du må ta att forseinkinga før du kan få meir støtte.

Avbetaling må til

Når du ikkje lenger får pengar frå Lånekassen til fulltidsutdanning, skal lånet betalast. Den første rekninga kjem cirka sju månader etter siste periode du fekk støtte.