Færre menn i kvinnedominerte studium, trass i kjønnspoeng
Menn får kjønnspoeng i 12 ulike studium. Likevel går mannsdelen nedover i dei fleste.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
12 studietilbod i Noreg gir anten eitt eller to ekstrapoeng til menn, for å kompensere for eit stort overvekt kvinner (sjå faktaboks).
Årets opptakstal visar at andelen menn likevel går ned i 10 av 12 studium, trass i ekstrapoenga, skriv Khrono. Unntaka er tollutdanninga ved Universitetet i Stavanger og bioingeniør ved UiT Noregs arktiske universitet.
Lise Lyngsnes Randeberg, leiar i Akademikerne, seier til Khrono at altfor få menn kjem inn på studium som juss, medisin, tannlege, psykolog og veterinær, og ho bekymrar seg over at mannsdelen søkk på nesten alle desse utdanningane.
– Vi må hindre at menn vert utestengde frå viktige yrke, slår ho fast.
Ho meiner dette vert ei viktig oppgåve for den nye ministeren for høgare utdanning.
Treng hardare skyts
Akademikerne meiner kjønnskvotar er betre medisin mot mannemangel enn kjønnspoeng. Slik kan ein sikre at eit visst tal menn kjem inn på desse studia kvart år.
– Det må hardare skyts til for å sikre at dyktige gutar også kjem inn på studia med skyhøgt snitt, seier Randeberg.
Ho meiner det er ille viss gutar ikkje torer eller gidd å søke seg til til dømes medisin og juss. Ho seier at ein bør jobbe for å utlikne skilnadane mellom gutar og jenter tidleg i skuleløpet.
Desse studietilboda gir mannspoeng:
Barnevernspedagog ved Oslomet
Sjukepleie ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole
Veterinærmedisin ved NMBU
Dyrepleie ved NMBU
Toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger
Bioingeniør ved UiT Noregs arktiske universitet
Psykologi (profesjon) (alle i landet)