Skeiv kjønnsbalanse blant forskarar – berre ein av fem professorar er kvinner

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.04.2023 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andelen kvinner innan naturvitskapleg forsking auka frå 30 til 33 prosent frå 2013 til 2021. Lågast er andelen kvinnelege professorar, med 21 prosent.

Sjølv om berre éin av fem professorar er kvinner, har kjønnsbalansen vorte litt betre på professornivå òg. Andelen kvinner har auka frå 17 prosent i 2013 til 21 prosent i 2021, men det er langt igjen til likestilling.

Det kjem fram av data Statistisk sentralbyrå (SSB) har innhenta frå 18 einingar i universitets- og høgskulesektoren og 12 einingar i instituttsektoren for åra 2013, 2017 og 2021.

Flest på institutt

I instituttsektoren er det høgast del kvinner. Andelen har auka frå 34 til 39 prosent i perioden 2013 til 2021.

I 2021 jobba totalt 3.263 forskarar/faglege med forsking og utviklingsarbeid (FoU) innanfor naturvitskap i evalueringseiningane. Dei var fordelte nær 50–50 mellom universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren.

Talet har vakse med 637 personar sidan 2013, med ein vekst i universitets- og høgskulesektoren på 31 prosent og i instituttsektoren på 18 prosent.

Aldersstrukturen har halde seg stabil. Professorane var i gjennomsnitt 55 år, førsteamanuensis 45 år, forskarar/postdoktorar 36 år og stipendiatane 29 år.

Det er i universitets- og høgskulesektoren gjennomsnittsalderen blant personalet er høgast. Andelen av professorane som var 62 år og eldre, steig frå 26 prosent i 2013 til 28 prosent i 2021 for einingane her.


Det er Universitetet i Oslo (UiO) som har flest saker knytt til seksuell trakassering i fjor (12). Biletet viser Det juridiske fakultet ved UiO (Domus Media). Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK