Snowflake, boomer og Karen – kva betyr det eigentleg?

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Omgrep som Karen og snowflake har vorte meir populære dei seinare åra. Viss du er ein av dei som ikkje har full kontroll, kan denne oversikta kanskje hjelpe deg.

Woke er eit omgrep som mange no kjenner til. Det har hatt massiv vekst i bruk dei seinaste åra. Å vere woke betyr å vere vaken og oppmerksam på urettferdige forhold i samfunnet, som rasisme, sexisme og anna diskriminering.

Omgrepet vert også brukt mykje som skjellsord av dei som synest woke-bevegelsen har gått for langt, gjerne kalla «anti-woke». Dei meiner at dei som kallar seg woke er overdrive politisk korrekte, og vert krenka altfor lett.

Men woke eller anti-woke er ikkje dei einaste merkelappane ein kan få slengt etter seg.

Her kjem ei oversikt over nokre av dei andre tinga ein kan bli stempla som i dagens debattklima.

Snowflake / snøfnugg

Ein sensitiv person som vert lett krenka. Gjerne ein som slit med å handtere at andre meiner noko anna enn dei, og som føler seg meir spesiell enn dei eigentleg er. Brukast gjerne av dei som synest at woke har gått for langt og at folk er for lettkrenkte og ikkje toler noko som helst.

Ei norsk oversetting ein kan bruke er snøfnugg. Eit anna norsk omgrep som betyr omtrent det same er persilleblad.

Døme på bruk:

Ein kan jo ikkje tulle om noko lenger utan at desse snøfnugga vert krenka.

Kvinne med andletet i henda

Illustrasjon av eit snøfnugg som nettopp har møtt ein meiningsmotstandar. Foto: Fa Barboza / Unsplash

Karen

Brukast gjerne nedsettande om ei urimeleg, kravstor, sjølvoppteken, lite sympatisk kvinne som oppfører seg dårleg mot sørvisarbeidarar eller andre uskyldige menneske. Omgrepet brukast oftast om kvite, middelaldrande kvinner som utnyttar sin privilegerte stilling i samfunnet til å hevde seg på kostnad av andre. Uttalast på engelsk.

Kjenneteikn på «Karens» kan vere at dei vil snakke med sjefen («talk to the manager») viss dei ikkje er nøgde med sørvisen på til dømes ein restaurant, kafé eller butikk, og at dei gjerne har blond bobfrisyre.

Andre døme på kva ei Karen kunne gjort, er å ringe politiet fordi nokre barn sel saft til forbipasserande på gata utan løyve, eller å nekte å bruke munnbind sjølv om det er påbode.

Døme på bruk:

– Eg har ombestemt meg, eg vil ikkje ha denne kaffien likevel, du må lage te til meg i staden, og den skal vere gratis!

Det er jo heilt urimeleg, ikkje ver slik ei Karen då!

Kvinne skal bestille noko i ein kafé

Ei “Karen” som sikkert skal klage på noko i ein kafé. Foto: Jason Briscoe / Unsplash

Les også: Slik blir barnebøkene til Roald Dahl skrivne om

Kyle

Namnet Kyle har vorte sjølve symbolet for sinna, kvite tenåringsgutar som drikk mykje energidrikk, gjerne Monster, og slår hòl i gipsvegger viss dei vert sinte. Viss du vert kalla for Kyle av nokon på internett, er det sannsynlegvis det dei ser for seg at du er.

Gut sit med henda til andletet

Ein frustrert Kyle like før han slår enda eit hòl i gipsveggen. Foto: Christian Erfurt / Unsplash

Døme på bruk:

Kvifor er det hòl i gipsveggen?

Kyle vart så sint då han fann ut at han ikkje hadde meir energidrikk igjen at han slo til veggen.

Boomer

Opphavleg ein frå Baby Boomer-generasjonen (fødd mellom 1946 og 1964), men kan verte brukt om alle vaksne som dei unge ikkje føler heng med i tida. Eit populært uttrykk er «OK, boomer».

Det vert gjerne sagt av nokon unge til ein litt eldre som har sagt noko som ikkje er heilt i tida, til dømes noko om at ting var betre før eller at klimaendringane ikkje er menneskeskapte. Det har vorte sagt at «OK, boomer» er eit aldersdiskriminerande utsegn fordi det diskrediterer ein annan person på grunn av alderen deira.

Døme på bruk:

Unge nå til dags ser på den skjermen heile dagen! Då eg var ung …

– OK, boomer.

Mann med t-skjorte med teksten: "Okay, boomer"

T-skjorta for deg som ikkje eingong gidd å seie det høgt. Foto: Giacomo Lucarini / Unsplash

Incel

Samantrekking av «involuntary celibate» eller ufrivillig sølibat. Incels er som oftast unge menn som meiner dei har blitt dømde til eit einsamt liv, utan at nokre kvinner er interesserte i dei, fordi dei ikkje er fysisk attraktive nok.

Desse unge mennene brukar mykje tid på internettforum der dei dyrkar sjølvmedlidenheit og bitterheit med andre incels. Motsetninga til incels er «chads», som er kjekke, veltrente menn med høg status, som ifølge incelane knuser dei i kampen om å tiltrekke seg kvinner.

Døme på bruk:

– Det er kvinner si feil at eg er deprimert. Dei vil ikkje eingong sjå på meg!

– Ikkje ver ein incel då, gå ut frå rommet ditt for ein gongs skuld og snakk med eit ekte menneske.

Ung mann med PC sit i mørket

Incels brukar mykje tid heime foran PC-en. Foto: Andrew Neel / Unsplash

Alpha, Beta og Sigma

Alfa: Leiaren i gjengen. Sterk, fryktlaus og liker å vere sjefen. Snakkar ikkje om kjensler, kan ikkje vise svakheit.

Beta: Følger berre gjengen og vert lett dominert av alfaen. Meir sensitiv enn alfaen. Vert stort sett brukt negativt ladd.

Sigma: Eigentleg like sterk som alfaen, men er meir for seg sjølv. Treng ikkje flokken for å vere kul.

Statue av muskuløs mann, bakfra

Alfa-hannane er ofte muskuløse, som Hercules. Foto: Simone Pellegrini

TERF

Trans-flagget

TERFs meiner transkvinner ikkje er kvinner. Foto: Lena Balk

Akronym for «trans-exclusive radical feminist», eller transekskluderande radikal feminist. Det er eit omgrep som kan brukas om feministar som ikkje vil inkludere transkvinner i kampen for kvinners rettar i samfunnet.

Omgrepet er negativt lada og dei som vert kalla for TERF brukar det sjeldan om seg sjølv. J.K. Rowling er kanskje den mest kjende personen som ofte vert kalla for TERF.

Døme på bruk:

– Transkvinner burde ikkje få bruke damegarderoben.

– Er du TERF, eller?


Torkel Eikevik. Foto: Privat