«Progressiv woke-kultur spreier seg som eld i tørt gras»

Torkel Eikevik er aktuell med andresesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK

Torkel Eikevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette meiningsinnlegget var først publisert i Bergensavisen og er gjeve att med løyve frå skribenten. 

Har du blitt kansellert endå? Lurer du kanskje på kva som kan få deg kansellert? Skreiv du noko på Facebook då du var fjorten og full, som kan få deg til å verke som ein nazisympatisør i 2023? Fortvil ei, du er ikkje aleine.

I nyare tid kan det verke som at ingen heilt veit kva som er innafor å ytre lenger. Dette innlegget inkludert. Progressiv woke-kultur spreier seg som eld i tørt gras, og det ein blir sitjande igjen med er ei kollektiv falsk tilnærming til det å vere politisk korrekt, og det å meine.

I takt med at meiningane våre har blitt meir synlege og tilgjengelege på sosiale medium, har vi byrja å bevege oss med musesteg når vi skal uttale oss. Det ein seier kan fort bli tatt ut av kontekst, og du kan ende opp med å bli tileigna meiningar du ikkje har om du trår litt feil.

Sitatuttrekk

Det er vanskeleg å peike på nøyaktig når vi vart så opptekne av å vere politisk korrekte, men det heile er i ferd med å bli ein einaste stor parodi.

Nesten dagleg ser ein eit nytt tilfelle av kansellert innhald. Ein ny kjendis, film, serie, eller eit anna kulturelt fenomen kan oppfattast som krenkande. Folka med dei nye kule oppdaterte meiningane skrik, og «problemet» forsvinn frå jordas overflate.

Fleire barnebøker blir skrivne om, der ord som feit og stygg blir omskrivne, fordi ein meiner desse orda kan verke sårande for nokon.

Er det verkeleg ei barnebok frå ei god tid tilbake sitt ansvar at du ikkje skal føle deg støytt? Gjerne på andres vegner?

I jakta på å normalisere alt, har vi kome til eit punkt der vi aktivt overkompenserer på alle frontar, sjølv meiningar og haldningar me har hatt i fortida. Vi sit igjen med amputerte barnesongar, bøker, filmar, kunst, og kultur som stadig står i fare for å bere preg av vårt krampaktige behov for å «vise omsyn».

Ikkje at det er ein uting. Det er fint å vise omsyn. Eg elskar omsynsfulle menneske! Det er eit friskt pust i det elles narsissistiske og sjølvsentrerte Patrick Bateman-samfunnet vi etter kvart er i. Men no kan det i større grad sjå ut som vi ikkje heilt lenger veit om vi meiner det vi seier, eller om vi berre er redde for å seie feil.

Det heile blir svært paradoksalt for ei rørsle som hovudsakleg handlar om å få lov til å «vere den ein er».

Det enklaste er dessverre i mange tilfelle å berre å seie som massane. Den høglydte, pedantiske progressive rørsla, som brukar andre si legning samt å kjempe for det dei meiner er sosiale ulikskapar i samfunnet som ein identitetsmarkør.

Denne gruppa er tilsynelatande meir opptatt av å bli oppfatta som nytenkande, woke, og progressive, enn å faktisk bidra med noko konkret for å skape endring.

Politiske meiningar vert brukt som eit springbrett for å fronte seg sjølv, og å vise verda kor opne og inkluderande dei er. Ei absurd og gjennomsiktig form for sjølvdyrking.

Om ein skulle vere så korttenkt at ein prøver å seie ifrå at det blir litt mykje, ja, då skal ein kansellerast, i krenkinga sitt namn! For i krenkinga sin tidsalder, kan det no verke som vi endeleg faktisk berre blir krenkt, for å bli krenkt. Gjerne hovudsakleg på andre sine vegner.

Det er trist at det som starta som eit viktig opprør mot sjåvinisme og overgrepskultur i Hollywood under Metoo no har utvikla seg til eit fenomen som i verste fall trugar ytringsfridomen og meiningsmangfald.

Studiar viser at ungdom er redde for å bli kansellerte. At over 50 prosent ikkje tør seie kva dei eigentleg meiner, fordi det ikkje er «riktig» nok. Det er ingenting som er riktig nok. Ei meining er ei meining! Det er lov å ha ulike meiningar. Det er lov å setje spørsmålsteikn, og ikkje lågpanna følgje den høglydte majoriteten.

Sjølvsagt skal ein strekkje seg etter å vise forståing, samt å utvikle seg sjølv og meiningane sine. Men har vi verkeleg nytte av eit samfunn der ingen lenger tør å snakke frå levra, i redsel for å bli oppfatta som gammaldagse, eller dømmande?

Dessverre kan det ironisk nok verke som at «woke-fenomenet» i kampen for at menneske skal få lov til å vere som dei er, føle det dei føler, og seie det dei vil seie, har orkestrert den nettopp motsette effekten.

Ein generasjon og ei offentlegheit som er så redde for å trakke andre på tærne med å ha utdaterte, eller feilnyanserte meiningar, at dei heller berre følgjer massane, og ikkje set spørsmålsteikn ved noko, for å unngå å bli kansellert.

Personleg har eg alltid elska konflikt, og skyr ingen moglegheiter til å terge litt. Eg har derfor ingen problem med å setje meg i skotlinja til den årvakne nye makteliten. Eg veit eg vil bli angripen for å vere ein kvit, ung, heteroseksuell mann, som ikkje har evna til å empatisere.

Det har eg. I fleng! Eg gjer det berre ikkje til ein del av personlegdomen min. Eg har ikkje valt å vere slik. Det er slik eg er fødd. Fødd privilegert CIA-mann. Ikkje noko spesielt.

Og det er også heilt greitt. For det er tilsynelatande meir og meir trendy å vere «spesiell». Ungdom sjølvdiagnostiserer seg sjølv med ADHD (som eg sjølv har) og autisme (kanskje det også, veit ikkje, har ikkje diagnostisert meg over to TikTok-videoar) over ein låg sko.

Om ein har nokre rare «quirks» er ein raskt ute med å finne ut om det er ei legning ein kan fronte for å stikke seg ut frå mengda og få merksemd.

Ein kompis sa han hadde blitt i stuss over kva legning han sjølv var, etter å ha vore på Tinder og sett femtifem forskjellige. No får 2+2 snart ikkje lenger lov til å vere 4.

Dette er sett på spissen, eg veit det. Eg prøver å bevege meg litt utanfor komfortsona, men samtidig ikkje gje meg sjølv angstanfall når eg skal lese igjennom kommentarfeltet seinare. Eg gjer dette fordi eg meiner det er viktig å stille spørsmål rundt denne kulturen som aktivt går inn for å undergrave så mange som mogleg, basert på meiningane deira.

Det heile liknar meir og meir på ein diktatorisk ungdomsgjeng, som fryser ut alle som ikkje har fått dei same nye kule meiningane som dei.

Eg håpar vi i framtida kan prøve å bli litt betre å debattere ting, utan at meiningspolitiet skal sjå raudt. At vi kan vere einige om at det heile byrjar å bli litt parodisk, og unaturleg.

Eg vil igjen presisere at eg ikkje støttar hatkultur på nokon måte, og meiner at alle skal få vere seg sjølv. Men vi bør i alle fall la det som har vore, vere.

Vi kan la kunst vere kunst, humor vere humor, og diagnosar vere for folk med utdanning innan feltet.

Sitatuttrekk

Vi må la fortid bli verande fortid. Elles lærer vi ingenting. For det å retroaktivt gå inn og endre ting som er skrivne i ein heilt annan tidsalder lurer vi ingen med. Vi kan ikkje endre historia, eller kansellere fortida.

La oss heller prøve å vere betre, ved å lære frå ho. Og la oss fortsetje å utvikle oss i rett retning, med ein rik og mangfaldig offentleg debatt.

For i den kulturelle sfæren der snowflakes har blitt til skamspisse istappar, som sit som små, ufordragelege galaktiske keisarar i eit univers dei sjølv har skapt, er det stadig vanskelegare å navigere seg.

Eg gler meg til det blir innafor å kansellere woke-kultur.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også: Kvifor vert Sam Smith hetsa for det Harry Styles vert hylla for?

Illustrasjonsfoto av Sam Smith (t.v.) og Harry Styles (t.h.). Foto: AP Photo/Chris Pizzello, Jordan Strauss/Invision/AP, File