Kritisk til skroting av firarkrav i lærarutdanninga: – Feilslått

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

19. juni meldte Khrono at 33,9 % av grunnskulelærarstudentane strauk på nasjonal deleksamen i matematikkdidaktikk.

– Det er ei stor auke frå i fjor. Dette skjer etter at regjeringa har skrota firarkravet i matte, skriv Julianne Cornelia Ofstad i ein e-post til Framtida.no.

Ho er Frp sin tredjekandidat til Oslo bystyre.

– Dette bør me ta på alvor

I 2016 innførte Solberg-regjeringa eit krav om minst karakter fire i matematikk i opptakskrava til lærarstudiar.

Våren 2022 senka regjeringa karakterkravet i matematikk for lærarstudentar frå 4 til 3. I tillegg må lærarstudentane ha minst 40 skulepoeng i både matematikk og norsk.

Ofstad reagerer på at storbyuniversitetet OsloMet i år har nesten 47 prosent som stryk på eksamen, og at tendensen er at snittet i matematikk er gått ned.

– Dette bør me ta på alvor, og det viser at skroting av firarkravet er feilslått, meiner Frp-politikaren.

– Feil å senka ambisjonane

Oftstad viser til ein NIFU-rapport frå 2020, som viste at fleire fullførte lærarstudiet.

– Dette viser at det har vore heilt feil å senka ambisjonane for lærarutdanninga. Sidan firarkravet blei innført har me sett at fleire fullfører lærarstudiet, og ein sit igjen med fleire lærarar etter studietida, skriv Ofstad, som konkluderer:

– No håpar eg regjeringa tar lærdom av desse tala og innser at ei gjeninnføring av firarkravet i matte og norsk er riktig veg å gå.

Direktør i NOKUT, Kristin Vinje, seier til NRK at dei dårlege resultata kan ha samanheng med fjerninga av firarkravet.

– Studentane som har teke eksamen i år har hatt ulike opptakskrav, i og med at nokon studiestader gjennomfører eksamen på førsteåret, medan andre gjennomfører den på andreåret. Difor har nokon av studentane hatt 4-krav, medan andre ikkje. Me kan likevel ikkje seia noko konkret om effektane av dette i dei undersøkingane me har gjort no.


Mann med raudt hår og skjegg

Leiar i Pedagogstudentene Lars Sande Syrrist er uroa for dei låge søkjartala. Foto: Simon Sjøkvist/Oclin