Kraftig nedgang i søkjarar til lærarutdanningane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 21,9 prosent færre søkjarar til lærarutdanningane i år enn det var i fjor. Ikkje sidan 2008 har så få søkt lærarutdanning i Noreg.

– Vi forventa at det kom til å vere dårlege tal, men vi kunne ikkje førestilt oss at tala var så dårlege, seier leiar av Pedagogstudentene, Lars Strande Syrrist.

– Svært urovekkjande

– Det er svært urovekkjande at søknadstala til lærarutdanningane fell så dramatisk. Dette var det vi var redde for, og tala stadfestar at nedgangen er stor både i distrikta og i dei større studiebyane. Innsatsen vår for å rekruttere, utdanne og behalde lærarar må forsterkast, seier stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap) i utdanningskomiteen.

Tal frå Samordna opptak viser at 135.980 personar har søkt på eit rekordstort studietilbod: 62.590 studieplassar på 27 universitet og høgskular i heile landet.

Pedagogstudentane kallar det trist og urovekkjande at så få vil bli lærar.

– No må avgjerdstakarane ta dette på alvor, det einaste som hjelper er å satse på å heve kvaliteten på utdanningane sånn at framtidige studentar ønskjer å bli lærarar. No må regjeringa setje inn tiltak, seier Syrrist.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

Statsråden vil snu utviklinga

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) seier det låge søkjartalet er noko som bør uroe alle som bryr seg om den norske skulen.

– Her må vi sjå nærare på kva som kan vere årsakene til den kraftige duppen i søkjartal. Og vel så viktig: kva kan vi gjere for å snu denne utviklinga? Det må vi ha ein open og kunnskapsbasert debatt om framover, og det blir viktig med tett dialog med alle involverte partar, seier han i ei pressemelding.