Stor auke av hatkrimsaker retta mot skeive i juni

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det er ein stor auke frå same månad i fjor, då det vart registrert 20 slike saker i Oslo-området, skriv Oslo politidistrikt i ein e-post til NTB.

I tillegg utgjer dette vel ein tredel av alle meldingar for hatkriminalitet i første halvår av 2023.

Sakene omfattar hatkriminalitet motivert av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

– Cirka halvparten av desse sakene dreier seg om tjuveri og skadeverk av pride-flagg. 20 saker omhandlar hatefulle ytringar og truslar. Det kan nemnast at det er registrert to straffesaker på kroppskrenking, noko som er lågare enn talet på valdssaker før, skriv politiet.

Politiet skal gå grundig til verks

Ein merkbar forskjell frå annan hatkriminalitet er at dei mistenkte i saker der hatet er motivert av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk generelt er yngre enn vanleg. Dette ser ein også i tala frå juni, ifølgje politiet.

– Det er urovekkjande at det er ein sterk auke på hatefulle ytringar, truslar og tjuveri- og skadeverk på pride-flagg sidan vi veit at det bidreg til å skape frykt hos ei gruppe som allereie kjenner seg utsett, seier fagspesialist Monica Lillebakken ved Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet.

Ho legg til at dei ønskjer å gå djupare inn i sakene for å sjå om dei kan få ei betre innsikt i problematikken.

Pride-flåte i strålande sol i Bergen. Flåten er kledd i regnbogefargane og dei ombord viftar med regnbogeflagg.

Det er registrert fleire titals meldingar for hatkriminalitet retta mot skeive i juni. Foto: Tuva Åserud / NTB / NPK

– Skaper ei uro

Oslo Pride-leiar Dan Bjørke meiner auken er alvorleg og må jobbast med.

– Mesteparten av dette er pøbelstrekar og vandalisme, men dei som utfører dette skal vite at det skaper ei uro blant folk som er heilt unødvendig. Vi får håpe at desse tala får folk til å forstå kvifor det er så viktig at vi har pridemarkeringar over heile landet, seier han.

– Vi er glade for at politiet tek dette alvorleg, og jobbar proaktivt for å førebyggje og avgrense hatkriminalitet retta mot skeive framover.

Rekordmange markerte pride

Førre laurdag vart pride markert i Oslos gater. Politiet anslår at over 90 000 personar møtte opp for å markere pride, noko som er eit rekordhøgt tal.

Det var inga endring i trusselnivået i forkant av pridearrangementa i år. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) uttalte i forkant av markeringa at han forstår uroa som mange kjenner på.

– Vi lever ikkje i eit risikofritt samfunn, det trur eg vi også må erkjenne. Men alt er sett inn på at det skal bli ei trygg markering i den veka som kjem no. Det har regjeringa jobba for å forsikre seg om. Politiet og tenestene som følgjer med på det, legg all mogleg vekt på det, sa han i forkant av pride-veka.


Leiar i Skeiv Ungdom, Jane-Victorius Bonsaksen. Foto: Andrea Nøttveit